Litt før klokka 03.00, natt til sundag vart politiet kontakta av ein utestad på Svortland. Der opplevde dei problem med ein gjest som ikkje ville oppføra seg.

Politipatrulje frå Stord vart sendt ut til Svortland, men då dei kom fram hadde bråkmakaren forstått teikninga og forlete utestaden.

– Fornuftig nok, skriv operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt i politiloggen frå laurdag kveld og natt til sundag.