AF-gruppa har tildelt Los Elektro AS nye kontraktar verdt 25 millionar kroner. Kontraktane gjeld elektroinstallasjonar til fem småkraftverk der AF-gruppa har fått hovudentreprisen, eit nytt driftslaboratorium for Statoil som skal byggjast på Kårstø, og elektroarbeid på Kollsnes i samband med Troll A 3&4 Pre-Compression-prosjektet, heiter det i pressemeldinga.

Ifølgje administrerande direktør Jakob Særstein (biletet) er kontraktane resuktat av eit årelangt og godt samarbeid med selskapa har hatt på raffineria på Kårstø og Mongstad. Særsten er særleg glad for den tilliten som vert vist overfor Los Elektro og trur at når disse arbeida er vel utførte, vil dei bana veg for ytterlegare samarbeidskontraktar mellom selskapa.

Arbeida vil ta til straks og fører til at bedrifta vil ha trong for eit stort tal nye elektrikarar, elektroingeniørar og teknikarar.

- Lokalt vert Los Elektro rekna som ei av dei beste bedriftene å jobba i, lokkar Særsten. Han peikar på at i Los Elektro har ein fokus på å sørgja for at medarbeidarane vert ein del av det mest profesjonelle og fagleg dyktige kompetansemiljøet i regionen.

- Me driv aktivt med kompetanseheving og meiner at den suksessen me har, er avhengig av at me lukkast med å profesjonalisera medarbeidarane våre, seier Jakob Særsten.

Los Elektro As har i dag kring 160 medarbeidarar.Dei har hovudkontor på Bømlo, og avdelingskontor på Mongstad, i Bergen, Fitjar, Langevåg og på Kårstø.