I år skal den historiske handlinga i «Kristkongane på Moster» understrekast og gjerast endå tydelegare. Arkivfoto

– Eg mistenkjer at det er mange som ikkje veit eller anar at Mostraspelet er eit drama basert på ekte hendingar. Dette er langt meir enn fri fantasi frå ein kreativ forfattar. Snorresoga og Gulating-lova fortel om det som skjedde på Moster for over 1000 år sidan. Olav Tryggvason vitja Moster to gongar då han tok kongemakta, og i same venda gjekk han i gang med å kristna landet. På Moster let han byggja den fyrste kyrkja i landet. Olav Haraldsson kom også til Moster, der kristenretten vart sett for første gong i år 1024. Desse hendingane dannar bakteppet for Mostraspelet, og i år endrar me på spelet for å få dette endå klarare fram, seier Brynjar Stautland, dagleg leiar i Bømlo Teater og produsent for Mostraspelet i 2013.

– Me legg til ein prolog som vil understreka Moster og Bømlo si rolle i norsk historie. Eg trur at dette er eit viktig grep å ta, fortel Stautland vidare. Han tykkjer det er viktig å få sett sogespelet i den rette konteksten i norsk historie.

Tenkjer framtidsretta

– Moster er ein stad pakka med milestolpar i norsk soge frå tidleg middelalder. Det er verd å minna om at også Håkon den Gode, den første kongen som prøvde å kristna Noreg, men mislukkast i si gjerning, var halvt mostring. At det har skjedd så mykje på Moster 1000 år tilbake i tid, er vel verd å visa i vår tid. Eg trur at det me gjer med sogespelet i år, gjer at det blir meir spennande, seier Stautland, som sjølv vil ha rolla som kong Olav Tryggvason i «Kristkongane på Moster».

– Korleis vil det at sogespelet i år blir framført det 30. året i Moster Amfi prega framsyninga?

– Me feirar ikkje dette på anna måte enn nettopp ved å framføra Mostraspelet, men målet er sjølvsagt at denne versjonen skal bli «alltime high». Me ønskjer å vri skruen vidare, utvikla spelet slik at det også i framtida skal få leva godt, understrekar Stautland (teksten held fram under biletet).

Produsent Brynjar Stautland legg vekt på at Bømlo Teater er i gang med jobben med å gjera Mostraspelet sterkare med tanke på framtidige utfordringar. I år er sogespelet 30 år. Foto: Nils-Tore Sele.

I rute

Alle roller er no fastlagde i 2013-versjonen av sogespelet. Regissør Karina Opdal er alt byrja å arbeida med dei to unge hovudrolleinnehabvarane frå Bømlo: Heine Larsen som Torolv frå Grindheim og Anna Rolvsnes i rolla som Vigdis Håsteinsdotter.

– Kommande sundag held me eit informasjonsmøte i teaterlokala i Urangsvåg for alle som blir med på Mostraspelet i år. Regissøren vil informera om alle planar og endringar som er på gang i år. Det er enno ei stund til Mostraspelhelga, men me er godt i rute, seier Stautland.

Dei første skulane har alt tinga billettar for sine mellomtrinn-elevar til skuleframsyninga av «Kristkongane på Moster», 29. mai i Moster Amfi.

– Eg er stolt over programmet for heile helga. Det blir mykje spennande for publikum i år. Grindahusbygging, revy med Bømlo Revylag, ikonutstilling og ikonmåling med Lars Slettebø i Moster gamle kyrkje og religionshistorisk føredrag same stad med Svein Tindberg. Utdeling av Tora Mostrastong-pris. Her vert mykje å få med seg, meiner Stautland.