Bømlo-nytt fekk for ei tid sidan tips frå nokon som såg seg leie av synet som møter ein om ein går eller køyrer frå hurtigbåtterminalen i Rubbestadneset. Eit lite stykke inn på hovudvegen ligg det to eldre hus langs vegen som lenge har stått til nedfall, og tipsaren lurte på kven som har ansvaret.

TRIST SYN: Det eine huset må ha vore eit staseleg og flott hus i si tid. No er det ikkje så mykje som vitnar om det, og huset har stått usikra og med knuste ruter lenge. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Tipsaren var uroa over barn og ungdommar som kunne bli freista til å gå på oppdagingsferd i husa og meinte det var lett å kunne skade seg med knuste ruter, ingen sikring, rote treverk og opne dørar. Utanfor ligg det også rot som slangar og røyr som har blitt liggande på fortauet lenge, utan at nokon ryddar det opp.

FORFALL: Det eine huset har store opningar der tipsaren er redd for at folk kan skade seg om dei går inn i huset. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Dårleg førsteinntrykk

– Folk blir leie av å sjå slikt i nærområdet sitt, i tillegg til at det kan vere farleg så er det også noko av det første som møter folk som kjem med båten. Det er ikkje noko godt førsteinntrykk av Bømlo, skriv tipsaren til Bømlo-nytt.

Bustadane ligg i næringsområdet som LOS Gruppen har overtatt i Rubbestadneset i nærleiken til Teknologisenteret, og det er LOS Gruppen som har ansvaret. Då Bømlo-nytt tek kontakt svarar dei at det er bestilt folk for å sikre husa.

– Det er plan for riving når område skal byggast ut, svarar Petter Andreassen på vegne av LOS Gruppen, men han kan ikkje svare på tidspunkt for riving og kva området skal brukast til.

FRITT FRAM: I huset som ligg nærast vegen er det fritt fram å ta seg inn i huset frå bakkeplan. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Dette seier kommunen

Bømlo-nytt tek kontakt med kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter for å høyre kva krav har kommunen til at slikt blir rydda opp i?

– Dersom lagring eller anna bruk av området gjer opphold og ferdsel farleg kan kommunen gi pålegg om sikringstiltak. Dette ei konkret vurdering.

Bømlo-nytt viser bileta og kommunedirektøren påpeikar at den eine slangen på bildet ligg på kommunen sitt område.

– Dersom denne ligg der mellomlagra i ein byggefase, er det viktig å understreke at dette nødvendigvis ikkje er forsøpling/forureining. Dermed er det heller ikkje noko me iverksett tiltak for å rette, seier han.

– Er det skilnad på om privatpersonar hadde eigt eit slikt område som kan vere til fare for andre og latt det stå slikt år etter år?

- Nei, her blir det ikkje gjort skilnad på private, næringsdrivande eller offentlege, seier han til slutt.