Av: Kristine Sele

For sånn cirka seksti år sidan fekk eg dette spørsmålet frå bestefar Ola i vågen (Ole Svendsen) kvar skuledag frå nyttår til langt utpå våren.

Bestefar var då godt oppi åra, og venta på våren - meir og meir for kvart år, meinar eg å hugsa.

Bestefar var ein snill mann, som eg var glad i og alltid kom godt overeins med, likevel må eg innrømma at eg blei grundig lei av «vårmaset» hans. Eg kunne ikkje begripa at det betydde noko kva tid vipa kom.

No skjønar eg - skjønar det godt. Skulle berre ynskja at eg kunne fått ein prat med bestefar og bedt om unnskyldning for dei stadig kortare svara mine. I dag ventar eg på vårteikn, like ivrig som bestefar gjorde.

Denne vesle historia illustrerer at vårlengten vert sterkare og sterkare med åra. Som barn bryr me oss lite, men etter kvart som me blir eldre, gler me oss over lengre dagar, over den fyrste snøklokka, krokusen og kvitveisen, over sola, den fyrste gule løvetann-blomsten i vegkanten, over fuglar - og ja, møkalukta til og med.

Gummisko frå Viking - gode minne frå 1950-talet. Og jammen er dei til sals også i 2016. (Foto frå nettsida Skrotnissen.no)
Snøklokker i Tollhagen på Moster Foto: Per Harald Gjerde
Rosa kveldshimmel over Tuesundsosen ved Hiska-brua Foto: Toralv Brekke

Men, når eg fyrst er i det nostalgiske hjørna, så hugsar eg at våren absolutt hadde sine positive sider også for borna då eg var lita.

Eit høgdepunkt var når nye gummisko endeleg kunne takast i bruk. Ja, me sa gummisko, andre kalla dei tøysko. Dei var ofte innkjøpte i god tid, men måtte fint venta i skapet til det var tørt og nokonlunde varmt i vêret. Moten skifta på 50-talet, også. Eitt år skulle dei vera blå, neste år var dei kvite. Eg kjenner enno kor lette og gode dei var på foten.

Eit anna høgdepunkt for mange var ballspela. Når bakkane var snøfrie og turre, var slåball populært utover i lyse kveldar. Men akkurat det er ikkje godt minne for meg. Eg var korkje flink til å slå, eller til å springa fort. Så eg vart aldri vald fyrst til laget, for å seia det slik. Eg var stort sett den siste som vart vald.

Men, viktig lærdom det og.

Attende til notida. Me ventar på våren frå julepynten er pakka vekk; legg merke til at det er litt lenger lyst utpå ettermiddagen, og at morgonlyset kjem nokre minuttar tidlegare for kvar dag.

For ikkje å snakka om når dei fyrste grøne spirene viser seg i solveggen. Snøklokkene er på veg! Så kjem krokus - påskeliljer - løvetann og etterkvart alt det flotte som me lenge kan gle oss over.

Hage-entusiastane klør i fingrane etter å koma i gang, og på kyrkjegardane vert det planta og stelt til påskehelga. Det er fint å sjå alle dei velstelte gravene.

Det livnar til å lufta, også. Fuglar byggjer reir, og i Bømlo-nytt kjem dei årvisse notisane som fortel at folk rundt om i kommunen har observert trekkfuglar.

Båtfolket startar vårpussen, og gler seg til sjøsetjinga.

På bakkane spring snart små lam, og kyrkjene vert fylte søndag etter søndag til siste plass for å feira konfirmasjon. Alt er gode vårteikn, som ber bod om både lyse tider og gjev lovnader for framtida.

MEN, likevel så klagar me! Me veit så vel at både mars og april - ofte også mai - er lunefulle når det gjeld vêret. Ein fin dag med sol skiftar med regn, sludd eller bitande vind.

. Ikkje mykje vår!

. Skal sei det er kaldt!

. Kva tid kjem denne våren?

Eg må le, for dette går att, kvart einaste år. Me blir aldri nøgde. I staden for å klaga, lat oss nyta lyset og sola, som trass alt viser seg i blant.

No skal eg ta på meg ei god jakka, eit varmt skjerf, vottar og noko på øyro - og ta meg ein tur ut i våren.

God april - snart er det haust. Og då skal me til å gle oss til våren att!