Delar av den nye vegen mellom Stokkabekken og Siggjarvåg har no fått asfalt. Det er asfaltert frå Siggjarvåg til Mækjebakken og delvis frå Ekornsæter til Stokkabekken. Vegen er likevel ikkje ferdig, og her er område som er farleg å ferdast i.

Åtvarar publikum

Etter det Bømlo-nytt kjenner til har det tidvis vore reine folkevandringa på det som skal bli ny fylkesveg. Prosjektleiar Halleraker vil gjennom lokalavisa åtvare publikum mot å ferdast i anleggsområdet.

- Me kjenner til at det har vore folk i anlegget både om kveldane og i helgane, og delvis har her også vore folk i arbeidstida. Det skjer diverre oftare og oftare at me må jage folk vekk, seier han.

Ikkje trygt

Det er skilta anleggsområde og tilgjenge forbode. Det er ei årsak til dette.

- Det er farlege kantar nokre stader, og det er delar av området som det ikkje er trygt å ferdast i. Me veit at her har vore både gåande, syklande og ungar. Tryggleiken til publikum er det viktigaste for oss, og det vil vera veldig synd dersom det skjer ei ulukke her. Difor vil me no oppmode folk om ikkje å ferdast i området før arbeidet er ferdig, seier Halleraker.

Torstein Halleraker (til venstre) ber om at publikum ikkje ferdast i anleggsområdet før arbeidet er ferdig. Her står han saman med Øivind Bratthammer ved anleggskontoret i Brubakken. Arkiv Foto: Håvard Hammarstrøm

I rute

- Korleis går vegprosjektet elles? Er de i rute?

- Ja, det går som planlagt. I midten av oktober skal det meste vera asfaltert. Då vil det stå att noko arbeid i krysset i Stokkabekken og på Ekornsæter.