1.januar er det berre førarkort på storleik med eit bankkort som er lovlege. Dei som framleis har den gamle typen på større format lyt skunda seg å få fornya kortet sitt.

Bømlingane heng etter i å fornya førarkorta

– I Bømlo var det 107 personar med store, plastlaminerte førerkort i begynnelsen av året, og no gjenstår 62.

– Det betyr at 45 personer har fornya førerkortet, som er 42 prosent. Gjennomsnittet i landet er at cirka 56 prosent har fornya førarkortet. Bømlo ligg difor litt dårlegere an enn gjennomsnittet i landet, skriv Linn Sæter, frå Statens Vegvesen, i ein e-post til Bømlo-nytt.

Kan ikkje køyra etter nyttår

– Me er bekymra for at så mange framleis ikkje har fått fornya førarkortet. No hastar det for dei som vil fortsetja å køyra etter nyttår, seier avdelingsdirektør Lill Tove Amundsen i Statens vegvesen.

1. januar 2023 er ikkje førarkort som er større enn bankkort lenger gyldig. Det betyr at du ikkje har lov til å køyra. Dersom du vil fortsetje å køyra må du fornya førarkortet innan utgangen av 2022. Du får førarretten tilbake når du eventuelt fornyar førarkortet på eit seinere tidspunkt.

5000 kroner i bot

Viss du køyrer med eit ugyldig førerkort, risikerer du 5000 kr i gebyr. Frå april blir du meldt viss du blir stoppa i kontroll. Dersom ein blir stoppa gjentekne gongar i løpet av dei første tre månadane kan du og risikera anmelding.

Bestill time på trafikkstasjonen

Du må ta nytt bilete på ein trafikkstasjon for å fornya førarkortet ditt. Me anbefalar å bestilla time på vegvesen.no/timebestilling for å unngå ventetid. Husk å ta med gyldig legitimasjon, melder Statens Vegvesen.

Statens vegvesen godtar følgjande legitimasjon:

  • norsk bankkort med bilete og fødselsnummer

  • norsk pass (ikkje nødpass)

  • norsk nasjonalt ID-kort (med og utan reiserett)

  • norsk førarkort utstedt etter 1. januar 1998

  • norsk digitalt førarkort

  • Forsvarets ID-kort

  • norsk sjøfartsbok