Stein-Erik Ovesen

Søknadsfristen på den ledige stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg i Bømlo kommune gjekk ut onsdag 20. oktober. Det er sju personar som har søkt på stillinga, tre menn og fire kvinner. I følgje Bømlo kommune, har fire av desse fått innvilga ønskje om å ikkje koma på den offentlege søkjarlista. Dette er umiddelbart innklaga av BØMLO-nytt. Noko som er basert på den offentlege interessa det er for denne stillinga og også med tanke på dei søkjarane som står på den offentlege lista.

Søkjarlista frå Bømlo kommune ser slik ut:

• Mellesdal, Kjell Magnar (49), Rubbestadneset, direktør

• Njærheim, Anne-Beth (45), Bremnes, seksjonsleiar

• Rybakov, Dimitry (28), Oslo, stabssjef

• Mann, 51, Stord

• Kvinne, 45, Oslo

• Kvinne, 39, Stord

• Kvinne, 54, Stord