Har du sett at det står eit klesstativ i marknadsområdet ved Gullsmio i Bømlo Storsenter? Gratis klede, ta med deg eitt plagg eller to, står det. Dette er eit lite innspel til miljøtiltak frå Brita Marie Servan i Berekraftige Liv Bømlo. Ho fekk sans for systemet då ho budde i Bergen. På eit klesstativ kan ein hengje opp reine og heile klede ein ikkje treng lenger, eller ein kan sjølv forsyne seg med plagg som ein likar. Berekraftige liv Norge driv miljøarbeid desentralisert i grupper som har spreidd seg over heile landet, og på Bømlo er ei gruppe etablert på Facebook. Brita Marie Servan synest det er flott at ho får ha klesstativet ståande på senteret, og håpar det kan inspirera fleire til å tenkja på berekraftig livsstil som noko positivt og kjekt, og kanskje bli med i arbeidet.

ingvild@bomlo-nytt.no