Dette vart ein dag utan «tørr undervisning», men ein lærerik dag med både praktiske demonstrasjonar og engasjerande foredrag. Dagen starta med song og musikk av Thea Haldorsen. Deretter stod ordføraren for den offisielle opninga.

Politi, brann, ambulansetenesta, Bømlo Røde Kors, Statens Vegvesen, NAF, Sunnhordland Trafikkopplæring stod for «undervisninga». Her var det fagfolk med lang erfaring som kunne fortelje frå sine fagområde. NAF hadde med seg «Velte-Jakob» og «Bråstoppen». Her fekk elevane kjenne på kroppen både rundvelt og bråstopp.

{{imageLeft}}

Dei to foredragshaldarane Trond Haukedal og Robert Skogvold heldt fantastiske foredrag.

Psykolog Trond Haukedal hadde kalla foredraget sitt «Hvordan være beste meg i trafikken?». Han snakka blant anna om mellommenneskelege relasjonar og viktigheita av sjølvtillit.

Martin Røksund heng opp/ned i eit rundvelt med «Velte-Jakob».
Statens vegvesen snakka om russebilar og sikkerheit.
Trafikkskadde Robert Skogvold heldt et ærleg og personleg foredrag for lydhøyre russ.
Trafikkskadde Robert Skogvold fortalde om sitt liv som plutseleg vart dramatisk endra etter ei stygg bilulukke.
Hilda Hellen Natterøy hengjer opp/ned i sikkerheitsselen etter et rundvelt med «Velte-Jakob».

Robert Skogvold frå Stord heldt eit personleg foredrag om livet sitt etter den tragiske bilulukka som gjorde han lam frå brystet og ned.

{{imageLeft}}

Om korleis livet plutseleg vart snudd på hovudet og korleis han måtte aksepterte sitt nye liv og måtte trene seg opp både fysisk og psykisk. Eit ærleg og tankevekkende foredrag!

Prosjektleiar for arrangementet var Per Ove Sercan Husevik frå Sunnhordland Trafikkopplæring. Alle fagfolka stilte opp på dugnad!

Fylkets Trafikksikkerhetsutvalg (FTU) har bidratt med midlar slik at dette arrangementet kunne avviklast.

Geir Einarsen – Tekst og foto