Til trass for høge matvareprisar og ein kvardag der dei fleste av oss opplever større økonomiske utfordringar enn tidlegare, kastar me i Norge betydelege mengder mat kvart år. I dag står hushalda for halvparten av all mat som blir kasta og kvart år blir det kasta 450.000 tonn mat.

Dette kostar mykje pengar å handtere og no har Forbrukarrådet tatt til ordet for å setje opp ei matavfallsavgift, for å gje kommunane eit insentiv til å arbeide mot matsvinn i sitt område.

Ifølgje leiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet, Gunstein Instefjord, er det ikkje mogleg å få til ei avgift som gjev kvart enkelt hushald motivasjon til lågare matsvinn. Dette grunngjev han med at det er for mange hushald, og for kompleks å måle avfallet til eit spesifikt hushald.

Likevel er det ei rekkje tiltak du kan gjere.

1. Planlegg innkjøp og skriv handleliste

Kvar 8. handlepose med mat me handlar ender i bosset. Med betre rutinar vil mindre mat bli kasta, og det er penger og miljø spart. Planlegg innkjøpa og prøv å unngå impulskjøp. Bli bevisst kor mykje du og familien et og juster mengdene du handlar etter det. Skriv ei handleliste etter å ha sjekka skap og kjøleskap, og unngå impulskjøp på tom mage! Det kan også vere lurt å ha ein dag du handlar fast i veka.

2. Ta datomerking med ei klype salt - sjå, lukt og smak

Maten kan vere god å ete i lang tid etter utløpt dato. I butikkane blir stadig fleire varer merka «Best før, ofte god etter». Ditt beste hjelpemiddel for å sjekke om maten fortsatt kan etast er sansane dine. Sjå, lukt og smak på maten før du bestemmer deg for å kaste.

Når det er sagt, ha respekt for merkinga «Siste forbruksdag». Men husk at maten ikkje automatisk blir dårleg sjølv om datoen er passert. Det er lov til å bruke sansane og sunn fornuft.

FOR MYKJE MAT: Om du lagar mindre porsjonar kastar du også mindre mat. Foto: Daisy Daisy Colourbox

3. Lag mindre porsjonar

Ei av dei største kjeldene til matsvinn heime er måltidsrestar, tett følgd av brød, frukt og grønt. Me lagar for mykje mat, forsyner oss med for store porsjonar og kastar det me ikkje et opp i søpla. Bruk mindre tallerkenar, så blir ikkje magen mett før augo. Bestem at «det du tek på tallerkenen må du ete opp». Lagar du ein stor porsjon av noko, så ha ein plan for kva du vil gjere med restane, eller frys dei ned – også med ein plan om når det skal etast.

4. Få oversikt over kjøleskapet

Eit reint og ryddig kjøleskap gjer det lettare å halde oversikt og ta i bruk det som er der. Bruk funna som inspirasjon til å lage nye rettar. Sjå på restane som ein ressurs det går an å eksperimentere med, og legg opp til minst éin kreativ restematmiddag i veka.

OVERSIKT: Hald orden og oversikt i kjøleskapet er også eit tips for å hindre matsvinn. Foto: Colourbox

5. Et opp restematen

Å ete opp maten er å vise respekt for det arbeidet som ligg bak, og dei ressursane det krev for å produsere den. Husk å ete opp restane du tek vare på, både i kjøleskap og frysar. Du kan lage fantastisk mykje godt av restemat!

6. Bruk fryseboksen

Fryseboksen er din ven når det kjem til å unngå matsvinn. Frys ned alt frå urteplanter du ikkje får brukt, til oppskore brød og middagsrester, og ta det opp når du treng det. Restar av fløyte og kraft kan du fryse i isbetbrett, så har du alltid gode basar tilgjengeleg til å lage noko godt.

Kjelde: matprat.no