Kort oppsummert

  • Forslag om nedlegging av åtte sjukeheimsplassar på Bømlo omsorgstun vart støtta av Utval for levekår.

  • Fleire utvalsmedlemmer uttrykte at det er naudsynt med endringar for å behalde tenestetilbodet, blant anna å styrkje dagtilbodet og heimetenestene.

Oppsummeringa er laga av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av journalistane våre

To utvalsmedlemmer stemte mot. Det var Elisabeth Urangssæter (Frp) og Frode Aasheim (INP).

Det var fleire tilhøyrarar, mellom anna var ordførar, varaordførar og kommunedirektør til stades.

Må unngå ROBEK

Vegard Enerstvedt (H) tok ordet i byrjinga av saka og mana fram den alvorlege situasjonen kommunen er i.

– No brenn det skikkeleg på dass. Om me ikkje gjer grep og endringar no, går det rett mot ROBEK. Då kan fleire tilbod, institusjonar og skular verte lagde ned, utan at politikarane har handa på rattet, sa Enerstvedt mellom anna.

Må endre for å bevare

Unni Seim (SV) viste til omgrepet «å endre for å bevare».

– Dette er rett. For å bevare må ein endre måten ein gjer ting på. Og det må kome noko i staden for desse sjukeheimsplassane som vert lagde ned. Det er viktig at folk får bu heime lengst mogleg. Derfor er det viktig å styrke dagtilbodet og heimetenestene, sa ho.

Mange av utvalsmedlemmene sa seg samde med Seim.

Vedtok tillegg til punkt to

Marita Ådnanes fremja eit tillegg til punkt to som vart vedteke. Det lydde slik:

Det er viktig å sikre effektiv drift av heimetenestene med geografisk nærleik til brukarane og minst mogleg køyring.

Alle utvalsmedlemmene hadde ordet og sa kor dei stod i saka. Dei to representantane som stemde mot kommunedirektøren sitt forslag stilte mellom anna spørsmål ved innsparingane. Dei var samde i nokre av punkta, men det mest sentrale punktet om nedlegging var dei imot.

Vedtaket

Forslagsframlegget på sju punkt lydde slik etter at tillegget i punkt to kom på plass:

1. Bømlo kommune reduserer tal sjukeheimsplassar frå 99 til 91 gjeldande frå 01.01.25. Sjukeheimsdrifta på Bømlo Omsorgstun (BOT) blir lagt ned, 8 plassar blir redusert og 4 plassar blir flytta til Bømlo bu og helsesenter (BBH). Arbeid med omstilling skal starta innan 01.09.24.

2. Heimetenestene på Søra Bømlo blir samorganisert med Bømlo heimeteneste frå 01.01.25. Arbeid med omstilling skal starta innan 01.09.24. Det er viktig å sikre effektiv drift av heimetenestene med geografisk nærleik til brukarane og minst mogleg køyring.

3. 1,5 mill.kr. av midlane som blir fristilt skal brukast til å styrkja heimetenestene, byggja opp desentraliserte aktivitetstilbod, fleksible avlastingsordningar – førebyggjande tiltak.

4. Resterande midlar ( ca 6,2 mill.kr) skal brukast til innsparing/redusera meirforbruk som er forventa i tenestene.

5. Bømlo kommune skal arbeida for at alle sjukeheimsplassar blir meir demensvenlege.

6. Teiglandshagen skal vidareførast som kommunen sin sjukeheim med spesialkompetanse på demens og skal brukast som forsterka skjema eining ved behov.

7. Bømlo bu og helsesenter (BBH) avdeling for korttid (KOR) skal ha tilbod om korttidsplassar, rehabilitering og eit pallitativt tilbod.

Innstillinga frå utvalet skal endeleg handsamast i kommunestyret den 17. juni.