HJARTA PÅ STASJONEN: Verkstaden er der det skjer på Bremnes Auto. Framom dekka, frå venstre: Verksmeister Jamshed Afzali, grunnleggjar Godtfred Innvær, Kjetil Innvær, Sami Taher, Stine Innvær Agasøster og Jan Kupcov. Foto: Nils-Tore Sele

Eit halvt århundre i teneste for bilistane på Bømlo

I 1970 opna ein ny bensinstasjon og bilverkstad på Svortland. 50 år seinare er drifta ved Bremnes Auto prega av omstilling til ein ny bilkvardag, men også av sterk optimisme og framtidstru.