Det er asfaltmerkingsarbeid i samband med den nye brannstasjonen som er årsaka til stenginga.

– Ei fysisk sperring vert sett opp ved innkøyringa frå Leirdalen då me finn det formålstenleg å merke sjølve innkøyringa frå Leirdalen saman med parkeringsplassane. Både tilsette og besøkjande lyt finne seg parkering andre stader denne dagen. Ein kan parkere ved det gamle legesenteret, eller nede ved gravplassen, opplyser prosjektleiar Erlend Flornes Skaret i Bømlo kommune.

Det er Bømlo kommune som melder dette på sine nettsider.