Det har blitt lagt mykje planar, rekna på mange budsjett, søkt om pengar og jobba mange dugnadstimar. Eit nytt 1000- års jubileum nærmar seg og på Moster er det mykje som skal klargjerast til folkefesten.

Mykje er allereie ferdig, mellom anna står gamlakyrkja på Moster utan duk for første gong på mange månader. Den har den siste tida vore pakka inn for å bli kalka med «Mostrakalk», kalk som er utvunne og produsert eit lite steinkast frå kyrkja.

No står ho ny og fin i pussen og klar for å ta i mot både kronprins og biskopar.

Sjå biletserie under frå søndagsturen rundt amfiet: