Frå Syria til Bømlo

Eg møter dei tre deltakarane ved vaksenopplæringa. Azad Zibar (35) har mykje godt å seia om Bømlo, og fortel om at bømlingane han møter på er smilande og positive.

Då krigen braut ut i Syria måtte han rømma frå heimbyen sin Afrin som vart bomba under krigen. Han kom til Tyrkia, der han budde frå 2016. Her var han i fire år, og jobba med tollfakturering. I 2021 kom han til Noreg, der han først budde på eit mottak i ti månader, før han kom til Bømlo i sommar. Han tok til ved introduksjonsprogrammet ved Bømlo Vaksenopplæring i august i år.

– Korleis går det?

– Eg trivest godt på introduksjonsprogrammet. Lærarane er veldig kjekke og flinke, og eg er veldig nøgd med undervisinga, fortel Zibar.

– Har du noko arbeidserfaring frå Bømlo?

– Ikkje enno, men eg håpar eg finn ein stad.

– Korleis har du funne deg til rette på Bømlo?

– Eg har blitt kjend med ein del folk via introduksjonsprogrammet. Folk frå Ukraina, og andre land. Eg går også på eit treningstudio på fritida, og der har eg blitt kjend med bømlingar. Det er ein bra måte å komma seg ut på, og i tillegg få øvd seg litt ekstra på norskspråket.

– Kva studerte du då du budde i Syria?

– Eg har ein bachelor i økonomistudiar. I arbeidslivet etter universitetet jobba eg i ein litan organisasjon innan kvinneklede. Eg har også jobba som businessmanager og jobba på økonomikontor i fleire år. Eg har eit mål om å ta ein master innan HP-management, fortel Zibar.

Gullsmed i Rivne

Valentyna Yefimchuk (42) frå Ukraina kom til Noreg i april i år. Ho budde også i mottak på Austlandet den første tida, for ho kom til Bømlo i juni.

– Kor i Ukraina kjem du frå?

– Eg kjem frå Rivne, ein by med cirka 250.000 innbyggjarar. Den ligg i vest Ukraina og er fylkeshovudstad. Me ligg nær grensa til Kviterussland, fortel ho.

– Korleis går det med deg på vaksenopplæringa?

– Eg trivest godt på introduksjonsprogrammet, og likar godt å læra norsk.

– Kva gjorde du på i Ukraina?

– I Ukraina jobba eg hos ein gullsmed i femten år. Det likte eg veldig godt, fortel ho. Eg har mannen min i Ukraina. På Bømlo bur eg saman med sonen min på tolv år, fortel ho.

– Storesøster mi og hennar tre born kom til Bømlo for tre månader sidan, fortel ho vidare.

– Eg prøver å snakka med mannen min kvar dag, men mykje av straumnettet er nede, det er også utfordringar med internettet i Rivne, så dette gjer kommunikasjonen utfordrande, seier Yefimchuk.

– Eg trivest godt på Bømlo, her er det fin natur og hyggelege folk. Eg har også ein del aktivitet med andre ukrainske kvinner på fritida. Mellom anna har me ein strikkeklubb, fortel den smilande kvinna.

– Har du hatt praksisplass på Bømlo etter du kom hit?

– Nei. det har eg ikkje hatt. Eg håpar at eg kan få praksisplass, for eksempel hos ein gullsmed, for eg likar veldig godt å jobba med dette.

Tesfalem Teki (38) frå Eritrea har tidlegare jobba som snekkar. Han har også ulik bakgrunn frå andre praktiske yrker.

– Kva yrkesbransje kunne du tenka deg å jobba i her på Bømlo?

– Eg ser for meg at eg kunne trivast med å jobba med noko innan transport eller byggebransjen, eller også innan å jobba i dokk og fiksa båtar, seier Teki. Bedrifter med maskinar og mekanisk utstyr trur eg kunne passa meg bra, suppplerer han.

– Korleis var det å koma til Bømlo?

– I starten var det litt tungt. Men det går betre dag for dag, seier Teki.

Går i same klasse

Trekløveret er alle deltakarar på introduksjonsprogrammet ved Bømlo vaksenopplæring. Her går dei i same klasse.

Frå 08 til 14 går deltek dei på introduksjonsprogrammet heile veka gjennom, frå måndag til fredag.

– Systemet her er veldig bra, eg vil takka alle dei som jobbar her, seier syriske Azad Zibar.

– Eg likar også dei norske studentane fordi dei er alltid så venlege mot meg. Eg ynskjer å lukkast med programmet, og kunna gje noko tilbake til samfunnet, avsluttar Zibar.

Stort trøkk frå hausten i år

Eg tek ein prat med rektor ved Bømlo vaksenopplæring, Kari Friis og avdelingsleiar Maren Laurhammer Gilje.

– Kor mange deltakarar er det som går på introduksjonsprogrammet i år?

– Me har 110 deltakarar, dei aller fleste kom no i haust, seier Maren Laurhammer Gilje.

– På våren var det omtrent 30 deltakarar. Det føltes nesten som ein propp som stod i systemet, for etter sommaren kom veldig det mange på kort tid, seier Gilje.

– Dei siste av dei 110 kjem til oss denne veka. Av desse er om lag 80 ukrainske deltakarar, legg ho til.

– Kor lenge varar eit slikt introduksjonsprogram?

– Det er litt ulikt. Det kom ei ny integreringslov i 2021. Den seier noko om at bakgrunnen du har, skal avgjera kor lenge du får vera deltakarar ved introduksjonsprogrammet. Dei som har høgare utdanning får i utgangspunktet eit kortare program. Alder spelar også inn her. For dei som kjem med kollektiv beskyttelse frå Ukraina er det i utgangspunktet seks månader, opplyser Laurhammer Gilje.

– Her kom det nyleg ei ny mellombels lov. Men dei kan få forlenga med ytterlegare tid. Å bli kvalifisert for norsk arbeidsliv etter seks månader er ei utfordring, legg ho til.

– Sjølv om mange har god utdanning frå heimlandet sitt er det ikkje alle som er like gode i engelsk. Då tek det gjerne lengre tid for desse å læra seg norsk. Vår erfaring er at dei fleste treng to år for å klara krava godt som programmet krev. Det er så mykje som skal på plass, ikkje berre språket er viktig, også arbeidstrening, arbeidsreglar og kulturforståing er viktige faktorar, forklarar rektor Kari Friis.

– Bømlo vaksenopplæring treng alltid bedrifter som kan ta i mot deltakarar frå introduksjonsprogrammet, men no treng me dei ekstra, opplyser Kari Friis

Og behovet vil nok ikkje stagnera med det første. Til neste år kjem det etter planen ytterlegare 100 nye kursdeltakarar til Bømlo vaksenopplæring.

Treng fleire praksisplassar til deltakarane

– Det er ei utfordring å finna nok praksisplassar til alle kursdeltakarane, spesielt for menn som ikkje har så mykje formalkompetanse og utdanning frå heimlanda sine. Dei set ofte inne på mykje praktisk erfaring, som kan tilpassast til mange bedrifter. Mange av desse har vore handverkarar eller bønder.

– Me har det siste året hatt eit «Inn på tunet» samarbeid med Gullvegen Gardstun, dette har vore eit flott prosjekt og god arbeidstrening for kursdeltakarane, og me håpar me kan fortsetja dette samarbeidet vidare, seier Friis.

– I tillegg har me overteke drifta av kantina på Bømlo vidaregåande skule. Dette har også vore eit bra tiltak, men me treng arbeidstrening som kan føra til vidare arbeid for deltakarane, legg ho til.

– Tidlegare var det veldig fokus på å koma seg rett ut i arbeid. No er det meir fokus på at praksis og teori skal gå som hånd i hanske. Dette har eg sjølv erfaring med. Den nye loven legg meir vekt på at alle har rett på ei formell utdanning. Dette trur eg er positivt, seier Friis.

– Blant deltakarane våre er det generelt eit stort ynskje om å bidra og komma seg ut i arbeidslivet, avsluttar Laurhammer Gilje.