På Bømlo er det som mange andre plassar mange spesielle stadnamn. Namn som me ikkje tenkjer over, men som alltid har blitt kalla det same. Mange av namna skriv seg frå før vikingtid, somme har komme i nyare tid, men felles for dei fleste av dei er at bak eit kvart stadnamn er det ei historie.

«Martahålo» er ei slik historie. Mange på Bømlo er nok ikkje kjend med Martahålo, men for dei som har røter til Berge er det ei slik historie som ein alltid har høyrt og visst om.

Det er nemleg på Berge hola ligg. Heile området er rik på historie og det er mellom anna funne vevslodd frå ein oppstadvev på toppen av Bergesfjellet frå rundt år 800 så at det har budd folk her lenge finn ein sikre bevis på.

Sjølv om mykje kunne bli fortalt om historien opp gjennom tidene på Berge skal me tilbake til slutten på 1700-talet.

Då var det eit heilt anna liv og det er vanskeleg for oss i dag å førestille oss korleis kvardagen var då. Skilnadane mellom fattig og rik var større enn i dag, og gudsfrykta var stor, likeeins frykta for å skilje seg ut, å ikkje bli godteken av bygda.

Skilnaden mellom kvinne og mann var også noko heilt anna enn i dag. I gamle Mostrakyrkja til dømes så sat kvinnene på benkene mot nord, medan mennene sat på benkene mot sør. Dei rikaste sat fremst, i dei beste benkene, og hadde du veldig mykje pengar hadde du kjøpt din eigen kyrkjebenk slik at du hadde fast plass og resten av bygda kunne sjå rikdommen din. Bakover i benkeradene vart både komforten og rikdommen mindre etter kvart som du kom bak mot inngangen. Nesten heilt bakerst i skipet, i rommet før dåpsrommet er det eit trangt avlukke, nesten som eit fengsel, med gitter og smale benkjer. Medan resten av kyrkja er rikt utsmykka er dette avlukket beskjedent, ja nestan anonymt og utan nokon av dei berømte veggmåleria.

Der sat kvinnene som hadde gjort noko av det verste du kunne gjere på denne tida. Men dei sat ikkje åleine. Dei sat der med dei uekte barna som dei hadde fått utanføre ekteskapet. Både mor og born var ureine og kunne ikkje dele rom med resten av kyrkjelyden. Somme tider kunne du sleppe ut av avlukket om presten og kyrkjelyden gjekk med på å gjennomføre eit spesielt rituale, som skulle gjere at du likevel kunne bli godtatt som resten av kyrkjelyden.

Den enklaste, men samstundes vanskelegaste løysinga var om ein mann ville forbarme seg over mor og barn, og gifte seg med mora, til trass for at han fekk eit uekte barn med på kjøpet.

Men kva har dette med Berge å gjere? Jo, for med dette som bakteppe frå tida på slutten av 1700-talet skal du no få høyre Marta si historie. Den er ikkje skriven ned nokon plass, anna enn at den blei delvis gjenfortalt i ei lita notis i ei avis for mange, mange år sidan. Historia hennar har overlevd slik historiar har overlevd gjennom århundra før oss, den har blir fortalt vidare frå generasjon til generasjon. Til skrekk og åtvaring i byrjinga kanskje, og i våre dagar kanskje som forklaring til namnet «Martahålo» på Berge.

Marta var ei ung jente og som dei fleste andre på hennar alder og av hennar rang, tenestegjorde ho på gard, der ho hjelpte til med alt som måtte gjerast i fjos, ute på bakkane og innomhus.

Marta var heldig og var tenestejente på ein av storgardane på Berge. Kanskje ho tenestegjorde der sogelagshuset står den dag i dag? På 1700-talet må det ha vore eit imponerande syn med sine to etasjar, fleire vindauge og fleire stover, noko som slett ikkje var vanleg på denne tida.

Sjølv om dagane må ha vore prega av hardt arbeid frå morgon til kveld hadde kanskje likevel Marta lysglimt gjennom dei lange arbeidsdagane. Historia hintar nemleg om at ho var kjær i ein av gutane i området. Kanskje det til og med var ein odelsgut og kanskje ho fekk dagane til å gå fortare med å drøymde seg vekk til den dagen ho sjølv skulle bli husfrue?

Men slik gjekk det ikkje. Med skilnadane i samfunnet, både mellom kjønn, men og skilnadane mellom fattig og rik, så var slett ikkje framtida så lys og fager for den unge tenestejenta. Ho oppdaga at ho var svanger, men barnefaren ville slett ikkje vedkjenne seg ei slik synd.

Historia seier at Marta vart nøydd for å rømme frå bygda for å sleppe unna bygdesladderet og skamma. Det er her stadnamnet «Martahålo» kjem inn. For den unge tenestejenta søkte ly ute i skogen mellom Tjong og Berge, rett før der som Skogafjellet naturreservat byrjar i dag.

I ei hole mellom store kampesteinar og i ly av eit stort fjell ute i skogen skal Marta og det uekte barnet hennar ha budd. Nokon har høyrt at ho levde gjennom alle årstidene åleine der ute, så det må iallfall ha vore eit år.

I skjul av mørkret skal bygdefolk i all løyndom ha komme med mat til ho og barnet, og dag og natt eit heilt år gjennom har ho sete i einsemd, isolert frå medmenneske og bygdefolk som ikkje lenger ville ha ho i bygda grunna den ugudelege situasjonen ho hadde sett seg sjølv i.

Korleis det gjekk med Marta og barnet er det ingen som veit, heller ikkje korleis det enda med barnefaren.

Om me leitar etter spor i bygdeboka finn me at det i 1711 var to tenestejenter i arbeid, då på det tredje bruket på Berge. Her er verken namn eller alder nemnd.

Eit anna spor i bygdeboka kan vere at det i 1801 budde ei tenestejente på ein av dei tre gardane som låg på Berge då. Ho heitte Maritte Villumsdatter Luten, var 20 år gammal og døvstum. Søren Pedersen som då eigde garden hadde ikkje eigne born, men budde saman med kona si, og ei jente dei hadde tatt til seg og ein dreng på 19 år.

Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Uavhengig av korleis alt heng saman eller om historia er sann eller ikkje, så ligg det som er kjent under «Martahålo» der ute i skogen den dag i dag. Gammalt tømmer ligg tørt i ly av fjellet som tak mellom kampesteinane og vitnar om at her har vore folk i ualminnelege tider. Hola er lett å finne om du vel stien til venstre i staden for å ta av ned mot vatnet etter Bergesfjellet.

Med til historia om stadnamn og Berge er at det er ei anna hole med eit spesielt namn. Den ligg under sjølve Bergesfjellet og er nemnd som «Guriståvo» i Bygdeboka. Bakgrunnen for det namnet er gått tapt gjennom åra, men at det ligg ei historie bak, slik det gjer med mange av stadnamna våre må ein nesten rekne med.

Om me avslutningsvis held oss på stadnamn og lokalhistorie, her er ei påskenøtt.

Kor mange Karihav finst det eigentleg på Bømlo?