Håvard A. Hammarstrøm

Det er klart etter opptrappinga i dag. I følgje Bømlo kommune si nettside er det Askøy, Austevoll, Bergen, Lindås, og Vaksdal kommunar som så langt er råka av streiken i Hordaland. Som Bømlo-nytt fortalde i førre veke tek YS Stat ut alle losbåtførarar i Noreg frå no av. Dette kan få konsekvensar for tilgongen på bensin dersom streiken varer. Streiken blant losførarar får også følgjer for andre som er avhengige av lostenester. I tillegg blir trafikkstasjonar over heile landet råka denne veka, og mange stader er det ikkje mogeleg å gjennomføra oppkøyring.

SIM køyrer framleis

Meteorologisk institutt er råka av streiken i Unio. Vêrvarslinga på Vestlandet har alt vore i streik nokre dagar, og frå i dag av, onsdag, er også tilsette ved Værvarslingsavdelingen på Blindern i streik. Dette tyder at det for Sør-Noreg sin del berre blir levert værvarsel som er automatisk produserte. Det har også vore mykje merksemd kring streiken blant bostransportørane. Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM) melder på nettsidene sine i dag, onsdag, at bosrutene lokalt går etter oppsett plan. Streiken får såleis ikkje konsekvensar her heller for vår del, førebels. Kjenner du til bømlingar som på ein eller annan måte blir råka av streiken? Tips oss gjerne: redaksjon@bomlo-nytt.no