Grethe Kjøsnes

Her er Kristine Stokkvik i full sving med frisering i Oslo Spektrum. Foto: privat

– Me er fem elevar i klassen på Stord vidaregåande skule, og tre av oss var saman på eit lag som konkurrerte i street fashion dame. Me klipte og farga håret på dokkehovud før me reiste for å delta i konkurransen i Oslo Spektrum. Der hadde me berre ein halvtime på oss til å føna og styla hårfrisyren. Me satsa på ein ganske moteriktig frisyre. Det kjendest svært travelt når me var i gong, sjølv om me eigentleg hadde god nok tid. Og så gjekk det jo bra, seier Kristine Stokkvik (17). Ho trur at grunnen til at dei vann førsteplassen, var at dei er eit godt arbeidsteam.

– Men i konkurransen stod me langt frå kvarandre og me kunne styla håret slik me sjølv ynskte. I heile januar har me øvd på skulen og me hadde god kontroll på det me skulle gjera. Me hadde ganske like frisyrer på dokkehovuda sjølv om det òg var noko forskjellig, seier Stokkvik. Ho kom elles på ein sjetteplass i den individuelle vurderinga av konkurransen.

– Alle deltakarane konkurrerer som lag, men samstundes får me ei individuell vurdering og plassering, seier Stokkvik. Ho er veldig førnøgd med plasseringane og er ganske sikker på at frisøryrket er noko for henne. Ho legg til at er veldig førnøgd med undervisninga på frisørlinja ved Stord vidaregåande skule. Først gjekk ho eit år på design og handverk på Fitjar og deretter starta ho på Stord vidaregåande sist haust. Ho har berre eit halvt år igjen før ho etter sommaren skal byrja to år i frisørlære.

– Eg skal til ein frisørsalong i Haugesund. Skal sende søknad denne veka. Etter to år i lære tar eg fagprøven, seier Kristine Stokkvik.

Gode plasseringar

Kontaktlærar Torhild G. Lekven fortel at arrangør av den årlege hår og skjønnheitsmessa i Oslo Spektrum er Norges Frisør og Velværebedrift. Det pleier å vera første helga i februar kvart år. Elever i frisørfaget kan vere med på kategoriane: Damefag, herrefag og oppsett.

– I år var det fire av i alt fem elevar frå frisørlinja på Stord som reiste for å delta i NM i damefrisering. Ikkje berre kom dei på første plass, men elevane kom i tillegg blant dei ti beste i den individuelle vurderinga.

– Me slit litt med rekrutteringa til frisørlinja. Eg har forstått det slik at dette er eit problem over heile landet. For fem år sidan hadde me 24 elevar delt på to klassar. Men sist haust var det berre fem elevar som byrja! Etter kunnskapsløftet har me sett ein dramatisk nedgang i søknaden til frisøryrket. Elles er me lite glade for fylkespolitikarane sitt forslag om at frisørlinja på Stord skal flyttast til Fitjar. Skulebruksplanen skal vera klar i midten av mars. Me synest det er mest praktisk at frisørlinja held til her på Stord. Både med tanke på alle elevane som pendlar frå kommunane rundt Stord og med tanke på tilgangen til praksisplassar i frisøryrket, seier kontaktlærar Torhild G. Lekven ved frisørlinja på Stord.