Politiloggen frå Sørvest politidistrikt, Haugesund, fortel om ordensforstyrring på Bømlo natt til sundag. Politiet fekk melding om fleire personar som slost ved ein spisestad på Svortland. Ein politipatrulje vart sendt til staden.

Då dei kom fram viste det seg at ein tilsett ved utestaden hadde blitt skada i nasen då han prøvde å skilja to kamphanar. Politiet hadde vanskar med å få klarlagt kven som hadde gjort kva. Det er ikkje oppretta sak kring hendinga enno, går det fram av politimeldinga.

Politiloggen fortel elles om fleire meldingar om høg musikk i distriktet. Politiet har ikkje hatt kapasitet til å dra på alle desse adressene.