Foto: Grethe Kjøsnes

Så var dei igang igjen, Brynjar Stautland (kong Olav Tryggvason) og co, med kristninga av dei strihuga bøndene på Moster. I dag opna Mostrafestivalen i strålande sommarvêr og med 1200 skuleelevar benka i amfiet. Dei gode vêrmeldingane borgar fro ei flott festivalhelg på Moster, og programmet viser at det er arrangement for ein kvar smak.