Kort oppsummert

  • Nasjonalt villakssenter besøkte elevar på VG1 Naturbruk og VG2 Akvakultur for å læra dei meir om villaks.

  • Elevane fekk sjå levande fisk frå elva ved hjelp av eit elektrisk fiskeapparat, og også undersøkje bunndyr i vassdraget.

  • Hovudmålet med besøket var å formidle kunnskap og vekke interesse for framtidas arbeidstakarar innan akvakultur og havbruk.

Oppsummeringa er laga av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av journalistane våre

Tysdag denne veka var det duka for uteskule ved Åreiddalselva for elevane på VG1 Naturbruk og VG2 Akvakultur.

Åge Flakk og Tone Løvold, som begge er naturrettleiarar frå Nasjonalt villakssenter, tok med seg dei 30 elevane med lærarar for å gjera elevane meir kjent med den atlantiske villaksen og artsfamilien til denne.

– Utviklinga for villaksen har over lengre tid vore dramatisk, i negativ forstand. Det er dei yngre generasjonane som skal ta vare på villaksen for framtida, derfor har Nasjonalt villakssenter definert barn og unge som vår viktigaste målgruppe, seier Flakk, som bakgrunn for besøket.

VILLAKSEN: Åge Flakk fortel om villaksen og livvsyklusen til denne. Foto: Kjerstin Mæland

Fiskar med straum

Elevane fekk også sjå levande fisk frå elva denne dagen.

– Det er eit viktig formidlingspoeng for oss at elevane får sjå levande fisk. For å oppnå dette bruker me eit elektrisk fiskeapparat som bedøver fisk innafor ein avgrensa radius når straum blir sett i vatnet. Fisken kviknar fort til og vert oppbevart i eit akvarium. Etter ein kort visuell inspeksjon blir fisken sleppt ut i elva igjen. Omsyn til dyrevelferd er noko me har stort fokus på, så fisken blir utsett for minimal handtering, seier Flakk.

Og det tok ikkje lang tid før Flakk får ein aure i håven. Totalt får han tak i fire aure frå elva.

Sjå video frå når han fekk fisk her:

For å fiska med elektrisk fiskeapparat i vassdrag med villaks, sjøaure eller sjørøye, er det naudsynt med eit spesialløyve frå Statsforvaltaren.

– I sårbare vassdrag, slik som i Åreiddalselva, avgrenser me omfanget av el-fisket av omsyn til bestanden i elva. Her er tilstanden til sjøauren klassifisert som dårleg, og dei viktigaste påvirkningsfaktorane her er lakselus og samferdsel, seier Flakk.

AURE: I Åreiddalselva fekk Åge Flakk fire aure i ulik storleik. Han meiner at den største auren er tre år gammal, og ikkje så långt i frå å bli ein sjøaure. Foto: Kjerstin Mæland

Botndyr

Andre aktivitetar som blei gjennomført denne dagen var undersøking av botndyr.

– Botndyr fortel oss mykje om tilstanden i vassdraget, og kva fisken har på menyen, seier Løvold.

LEITAR: Her leitar elevane etter botndyr i elva. Foto: Kjerstin Mæland

Elevane traska seg ut i elva med gummistøvlar på for å sjå om dei fekk fatt på nokre botndyr. Og i jakta på botndyr snublar ein av elevane over ein yngleplass kor det dukkar opp små fiskar som nyleg har blitt klekka.

Tone Løvold kan fortelle at dette er aure og at elevane må la dei få vera i fred og heller sjå etter botndyr andre stadar.

Når elevane hadde studert botndyra dei hadde funne, var det om å gjera å finna ut kva type botndyr dette var.

Tone Løvold hadde eit lurt «kart» dei kunne bruka til å finna ut av dette basert på taj bein og haletrådar.

Ved å bruka dette «kartet» fann elevane ut at det var ei steinfluenymfe dei hadde i behaldaren. Foto: Kjerstin Mæland

Kjekk dag

Både elevar, lærarar og naturrettleiarane var einige om at dette hadde vore ein kjekk og lærerik dag.

– Hovudmålet med ein slik dag er å formidla kunnskap og vekke inspirasjon og interesse. Elevane her er blant framtidas arbeidstakarar innan akvakultur og havbruk, difor ønskjer me å møta dei, seier Tone Løvold.

Flakk oppfordrar også andre lærarar på alle nivå om å ta kontakt med han på Nasjonalt villakssenter i Lærdal, om dei ønskjer meir kunnskap om villaks på skulen.