Veka startar bra med sol som etterkvart vil gå over til meir skyer og litt regn i kveldinga.

Sola er med oss igjen frå tirsdags morgon, men frå ettermiddagen vil det komme ein god del nedbør. Temperaturen er varsla å bli tosifra, og kan komme opp i heile 13 grader.

Onsdagen skiftar det litt. Då vil regnet vere med oss frå morgonen før sola kjempar seg fram gjennom skyene litt utpå dagen. No vil det bli litt kaldare og temperaturen vil ligge mellom fem og sju grader.

Fram mot helga vil vêret gå meir over til bygevêr, men temperaturane vil stige litt og både torsdag og fredag kan det bli opptil 12 grader.

Ein ting som er positivt er at me no på denne tida har dagslyset med oss betraktleg lenger enn for berre kort tid sidan. No står sola opp rundt klokka 06.30 og viser seg heilt fram til nærmare klokka 21.00 på kvelden. Så om det blir ein del regn og nedbør er iallfall det eit sikkert teikn på at me går mot lysare tider. Her sjekkar du lokalvêret på Bømlo-nytt si nettside.