Har trent seg opp: Geir Heimdal fortel at han har trent seg opp på eiga hand etter slaget han fekk i oktober 2020. Kommunen har ikkje hatt nokon plan for korleis han skulle følgjast opp, fortel han. Foto: Håvard Hammarstrøm

Fekk manglande oppfølging etter hjerneslag

Geir Heimdal (72) fekk hjerneslag i oktober 2020. Han meiner Bømlo kommune ikkje har følgt han opp slik han har krav på, og at oppfølginga av pasientar som han med logoped er svært mangelfull.