– Dette vil sikre drifta ei god stund framover, seier ein takksam og glad dagleg leiar, Frode Marton Meling.

For å motta sjekken frå Oddgeir Alvsvåg i LOS elektro hadde han med seg Torbjørn Aga Gjøen og Haldis Karin Habbestad.

Utdelar, Oddgeir Alvsvåg gav pengane på vegne av den lokale industrisamarbeidsklynga på Rubbestadneset, «Norwegian & Energy Complex» (NMEC), som nyleg la ned seg sjølv, -ikkje fordi det vart fiasko, men suksess. Dei har fått nemleg fått sjå fruktene av arbeidet sitt med å styrke lokal kreativitet, samarbeid skule næringsliv og innovasjon. Pengane dei hadde på kontoen sin, vedtok dei å gje til eit godt føremål. Og dette føremålet vart «Ståvo», som mellom anna jobbar med realfagleg kreativitet, som til dømes 3D-print, programmering, koding, legobygging og omsying.

– Me er enno i skapeskeia, og me treng fleire frivillige til å vere med oss vidare. Me driv på frivillig basis på kveldstid, men stiller også «Ståvo» til disposisjon på dagtid, for dei som ynskjer det, seier Meling.

Han fortel at «Ståvo» på mange måtar kan samanliknast med eit idrettslag som vert drive på frivillig basis, men at dei har litt andre, kreative aktivitetar.