Brannsjef Ove Halleraker snakkar då ikkje om den vesle Brannbamsen Bjørnis, men ein fullskala Bjørnis som dansar og helsar på barna.

– Det blir kjekt å kunna ha med Bjørnis på besøk i barnehagar saman med oss andre i Bømlo Brann og Redning, seier brannsjefen.

Starter førebygging tidleg

Den vesle brannbamsen Bjørnis starta som ein bamse som brannvesen over heile landet hadde med i brannbilen ved uttrykning. Bamsen har vore ei god trøyst for mange barn i vanskelege situasjonar.

ALLTID MED: Bømlo Brann og Redning har alltid bamsar med seg i bilen som dei kan dela ut til barn som treng det. Foto: Kjerstin Mæland

Dei fleste barn kjenner Bjørnis frå barne-TV eller brannførebyggande tiltak frå barnehagen.

– Med Bjørnis får me starta brannførebygging frå tidlig alder på ein gøyal måte, så det blir veldig kjekt for barna her på Bømlo at Bjørnis kjem inn i vårt brannvesen, seier brannkonstabel Lene Aakre Aaland.

Bjørnis vil kanskje også visa seg under opninga av ny brannstasjon, men datoen her er ikkje heilt spikra enno.

– Me har ein liten plan til opninga, og då vil nok også Bjørnis dukka opp med eit lite show, seier Halleraker.

Kven som skal vera Bjørnis, vil dei ikkje seia noko om. Så då får me heller spekulera i om det er sjølvaste brannsjefen, ein av brannkonstablane, eller nokon heilt utanfrå som har gått gjennom kursing for å få bli Bjørnis.