Ivar Thompson (86) og nevøen, Jan Henriksen (79) gjorde handelen i potetåkeren der Nils Eide fann grønsteinsøksa rett etter krigen.

Nils Eide

I 1947 reiste Nils Eide til Amerika, og grønsteinsøksa han fann i potetåkeren til far sin vart med. Eide vart gift der og vart verande i Amerika resten av livet.

Ivar Thompson (Thomassen) reiste også til Amerika ti år etter Eide. Der vart han gift med barndomsveninna, Keren Henriksen. Dei vart verande i Amerika og dei fekk to søner. Ivar Thompson fortel på god bømladialekt at han no har ni oldebarn.

– Eg kjende godt til Nils Eide, og eg traff han mange gonger der borte. Han sa at han ville eg skulle ha den øksa. Dette var vel for vel 20 år sidan. Han og kona hadde ingen etterkomarar. Han døydde vel for ein tolv, femten år sidan, trur eg. No er eg blitt 86 år, og eg har kome fram til at det ikkje gjev noka meining at øksa skal vere i Amerika lenger.

FRÅ AMERIKA: Ivar Thompson med grønsteinsøksa som har vore i Amerika i omlag 75 år. No er ho heime att. Foto: Per Harald Gjerde

Kanskje siste turen til gamlelandet

Ivar Thompson fortel at han denne gongen hadde lyst til å reise til Noreg for å feire 17.mai for siste gong. Nevøen, Jan Henriksen hadde også kome med eit forslag til ein handel. Thomson hadde derfor med seg øksa denne gongen til gamlelandet.

– Det er kanskje siste turen dette, eg er jo blitt gammal og veit ikkje kor lenge eg får leve, seier Thompson.

– Eg har hatt denne samlinga med sølvdollarar ei god stund, og ingen er så veldig interessert i den, så då tenkte eg at Ivar kunne få dei 48 sølvdollarane, mot at eg fekk grønsteinsøksa, seier Henriksen .

Jan Henriksen har opna metallkofferten og lagt bretta med sølvdollarar utover eit bord i bygdatunet.

– Den eldste sølvdollaren er frå slutten av 1800-talet. Det er dei med Kennedy på som har mest sølv i seg, fortel han.

– Det vert jo enklare for Ivar å fordele sølvdollarane mellom barn, barnebarn og oldebarn, enn ei grønsteinsøks, held han fram.

Thompson er samd og synest dette var ein god ide.

48 SØLVDOLLARAR: Sølvdollarsamlinga til nevø Jan Henriksen ligg ut over bordet. Onkel Ivar Thompson stryk fingeren over grønsteinsøksa ein siste gong, før handelen skal gjennomførast i potetåkeren i Eidesdalen, der ho vart funnen av Nils Eide rett etter krigen. Foto: Per Harald Gjerde

Kriteriet på ein god handel

No er dagen komen og me har forflytta oss til potetåkeren som far til Nils Eide hadde i Eidesdalen. I dag veks det saftig, grønt gras der. Dei to gamle mennene står og gjer seg klar til bytehandelen. I gamle amerikanske countrysongar syng dei av og til om «one silver dollar». Her er det ikkje ein, men 48 som skal skifte eigar.

Øksa går frå den eine handa til den andre. No er ho heime att, etter om lag 75 år i eksil.

– Det ser ut som de begge er nøgde med handelen? Under ein annan handel her i Langevåg som me dekka, spurde me om dei var nøgde med prisen. Begge partar vart noko løyndomsfulle, men ein av dei sa til slutt: Me er begge misnøgde, så då har me vel gjort ein god handel.

– Haha, den var god! seier dei.

– Men det må vel vere ein like god handel når begge er like nøgde, kjem dei fram til og ler framleis.

Håpar øksa kan stillast ut

– Kva skjer med øksa no då?

– Eg håpar at den kan stillast ut. Det hadde vore kjekt om den kunne vore utstilt i ein monter på Langevåg bygdetun, seier Jan Henriksen. Ivar Thompson nikkar samd.

Thompson reiser attende om seks dagar med 48 «silverdollars» i ein metallkoffert, medan Jan Henriksen kan kjenne på ei 6.000 år gammal, fin og glatt grønsteinsøks, som endeleg har fått kome heim.

KVALITET: Den 6.000 år gamle grønsteinsøksa er svært godt laga, og har halde seg godt. Eggen er skarp og fin. Foto: Per Harald Gjerde