— Eg støttar at dette går ut på ei brei høyring med god tid, opna Teige, som ville koma med ei oppmoding når skulebruksplanen no skal ut på høyring.

— Det er viktig, i invitasjonen, å be om grundige og gode tilbakemeldingar frå alle områda som er involvert og omtala i planen. Særskilt der det er foreslått endringar. At dei blir oppmoda til å jobbe godt og grundig med dette, råda Teige.

Han ville ikkje kommentera sjølve skulebruksplanen noko ytterlegare, men ville koma med eit lite innspel.

— Eg vil seie, ordførar, at alt kan ikkje lesast av ein kalkulator når det gjeld denne typen spørsmål. Og det ligg ikkje i vår natur i Senterpartiet å gå den vegen planen peikar på. Så utan å trekkje noko vidare konklusjonar, ligg det ikkje i vår gate akkurat dette.