Eg les i BN at Emil Gadolin går til angrep på Høgre og Anri Hebib angåande skulesaka på Bømlo. Makan til flau lesning! Samanlikninga han dreg mellom skulesamanslåing/nedlegging, og kommunesamanslåing er både barnsleg og pinleg. Vedtaket fylkestinget fatta i oktober i fjor, der dei vil slå skulane saman med lokalisering på Leite, ER ei nedlegging av yrkesskulen på Rubbestadneset. Bygningane og eigedomen skulen står på ligg inne i budsjetta til fylkeskommuna som solgt i 2022, og Gadolin skal utmerka godt skjøna at å flytta ein yrkesfagleg skule ut av verkstadane sine, og opp i eit bustadfelt ikkje let seg gjera.

Han seier det er merkeleg at Høgre no er imot samanslåing, då dei støtta det same i 2013. Forskjellen er at i 2013 skulle skulane slåast saman med lokalisering på Rubbestadneset. Dersom det likevel skulle ha seg slik at Høgre har endra sitt standpunkt i denne saka, så skulle jo dette berre visa at dei har ryggrad til å endra standpunkt når dei ser at det andre alternativet er det mest fornuftige og gå for. I svært sterk motsetning til Ap og KrF her.

Gadolin skriv; «I 2016 vedtok vi også at innholdet og tilbudene i hovedsak skal være det samme i fremtiden som det er i dag.» Korleis han ser for seg dette, er for mange ei gåte. Han vil flytta skulen bort, og erstatta verkstadpraksisen med pilotprosjektet sitt, der elevane skal få all praksis ute i bedrifter. Så langt meg bekjent, er det KUN nokre få hovud i Bergen, og ei gruppe på Bømlo som driv med heilt andre ting enn skule og næring, som ser for seg at dette er gjennomførbart. I den samanheng skriv han vidare at dei skal bevara og vidareutvikla det fantastiske tilbodet man allereie har i kommunen, og at dei må læra av det «kloke hoder har fått til på Bømlo». Desse kloke hodene er jo heilt ueinige med deg, Gadolin!

Skal ein vidareutvikla samarbeidet mellom skule og bedrift, så burde vel utgangspunktet vera at skulen gradvis fekk vidareutvikla samarbeidet med bedriftene, og ikkje at Ap og KrF legg skulen ned, og kastar elevane rett ut i bedriftene, som då sjølve må lera dei opp i generelle praktiske dugleikar totalt frå grunnen, samstundes som dei sjølvsagt skal driva med produksjon, service, og alle dei andre aktivitetane som genererer inntekt.

Eg er usikker på om du, Gadolin, er kjent med at Rubbestadnes vidaregåande skule for ei tid sidan vart kåra til landets desidert beste vidaregåande skule. Einaste skulen i landet med toppkarakter, der Oslo private gymnas kom på ein finfin andreplass, ein halv karakter under. Utdanningsministeren inviterte seg sjølv på besøk, og hadde ein strålande runde på skulen, der han seier at det er totalt uforståeleg at denne skulen skal leggjast ned. Statsminister Erna Solberg uttaler at denne nedlegginga er uforståeleg og trist, og Knut Arild Hareide seier det same. Alle desse skjønar at det som skjer på denne skulen er spesielt. Men ei lita gruppe er ikkje interessert i og sjå dette, nemleg fylkesutvalet, som var på ei liknande omvisning på skulen, men totalt uinteressert i kva som skjedde der, kun ute etter og sjå om golva var slitt, kanskje det var sprekk i ei glasrute, og nokon hadde ikkje rydda opp spon før Kårbø kom. Kun interessert i og få bekrefta at bygningane på Leite forhåpentlegvis såg meir velhaldne ut.

Og du, Emil Gadolin, leder for opplærings- og helseutvalget i Hordaland fylkeskommune, kva interesse har DU vist for denne skulen? Når dei høgste politikarane i landet kjem og skryt av skulen, burde ikkje du vært der og stolt vist fram landets beste skule? I staden skal du og Pål Kårbø leggja den ned, og erstatta den med eit pilotprosjekt som både du og Kårbø nok er godt klar over kjem til å kollapsa før det er starta, og at dette berre er starten på den totale overføringa av det vidaregåande tilbodet på Bømlo, over til Stord. Som var planen dykkar heilt frå starten.

For å sitera deg, Gadolin, «Da er det ikke rart at man blir litt forvirret».

Odd Skimmeland