50-åringen frå Bergen stod i Haugaland tingrett tiltalt for fleire brot på narkotikalovgjevinga. Han skal ha kjøpt tablettar med narkotiske stoff, og han hadde slike tablettar både i heimen sin i Bergen og på eit hotell i Haugesund. Han var også tiltalt for å ha brukt desse tablettane. Det var i Haugesund han var saman med kvinna frå Bømlo, og mannen var tiltalt for å ha kjøpt sex av henne der. Mannen erkjente delvis straffeskuld etter tiltalen.

Kjent skuldig

Påtalemakta la ned påstand om 90 dagars fengsel, der 45 dagar var på vilkår, utsett med ei prøvetid på to år. Vidare vart det lagt ned påstand om at mannen måtte betale sakskostnadene til påtalemakta. Retten fann mannen skuldig etter tiltalen. I dommen står det mellom anna å lese at mannen frå Bergen vakna føremiddagen etter og fann kvinna frå Bømlo livlaus i senga. Han tilkalla hjelp, men kvinna døydde.

Ikkje aktlaust drap

Under straffeutmålinga fann retten i skjerpande retning at mannen kjøpte sex av ei sårbar ung kvinne som hadde problem med rus, og at han skaffa henne rusmiddel som del av betalinga.

I formildande retning fann retten at det hadde gått lang tid før saka kom opp utan at tiltalte kunne lastast for dette.

Det står også å lesa i dommen at Sør-Vest politidistrikt ville sikte mannen for aktlaust drap, men Statsdvokatene i Rogaland la bort saka med grunngjeving i «bevisets stilling». Riksadvokatane heldt oppe avgjersla til statsadvokatane etter klage, heiter det.

Mannen vart dømt i tråd med aktor sin påstand, og dersom dommen blir ståande, må mannen sone 45 dagar i fengsel. I tillegg må han betale sakskostnader for retten på 7.500 kroner.

Ikkje rettskraftig dom

Dommen vart avsagt 16. august, og bergensmannen vart innkalla til frammøteforkynning måndag denne veka. Mannens advokat, Arild Christian Dyngeland, seier til Bømlo-nytt at det ikkje er avgjort om dommen blir anka. Dommen er dermed ikkje rettskraftig.

Etter medieoppslag i etterkant av dommen meiner advokaten det er viktig å få fram at klienten hans ikkje kunne lastast for at kvinna frå Bømlo døydde. Han seier det ikkje er utan grunn at både statsadvokatane og riksadvokatane kom til sine konklusjonar.

– Aktor sa også under hovudforhandlinga i retten at tiltalte ikkje på noko vis kunne haldast ansvarleg for dødsfallet, seier Dyngeland.

Det lukkast ikkje Bømlo-nytt å komme i kontakt med politiadvokaten i går.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no