Kort oppsummert

  • Stian Åkesson Hollund og David Laurhammer Næsse er studentar på Ten Sing Norway-linja på Rønningen folkehøgskule.

  • Dei har hausta godt av året på folkehøgskule med leiartrening og utvikling innanfor mange kreative felt.

  • Dei er med på førestillinga "Hvem lyser jeg for", som utforskar ungdommen sine liv i dag, inkludert forventningar, tankar og kjensler. På laurdag vart den framført på gamle BUS.

Oppsummeringa er laga av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av journalistane våre

– Me får god leiartrening, og me får halde på med både skriving, dramatisering, kor og å utvikle oss på musikkinstrument, fortel Stian Åkesson Hollund (19) og David Laurhammer Næsse (19) om året på folkehøgskule.

– Og så var det jo godt med eit friår, seier Hollund og smiler.

Framsyninga på gamle BUS

Dei to gutane er ganske gira og fulle av adrenalin, for dei er nettopp ferdige med førestillinga «Hvem lyser jeg for», og den gjekk veldig bra i ein fullsett gymsal på gamle BUS denne laurdagskvelden.

Tidlegare på dagen hadde elevane på Rønningen folkehøgskule workshop på Ungdomsheimen med Ten Sing-ungdommar frå heile Haugalandet. Dei hadde både band, leik, skrivekurs og felleskor.

LYSET: Ein set ofte for kritisk lys på seg sjølv. Ein kan då fort verte for sjølvfokusert og gløyme dei andre rundt seg. Foto: Per Harald Gjerde
FULL SAL: Førestillinga, «Hvem lyser jeg for» samla mange i gymsalen på gamle BUS. Foto: Per Harald Gjerde
KØ: Det var kø ute før førestillinga. Foto: Per Harald Gjerde

Å gå i djupna på seg sjølv

– Har de blitt utfordra i løpet av folkehøgskuleåret?

– Ja, me brukar ein metode som heiter «devising theatre». Det handlar om at alle er med i den same felles, kreative prosessen frå byrjing, til ferdig produkt. Ein må verkeleg gå i djupna på seg sjølv i ein slik prosess, seier Næsse.

Og førestillinga ber preg av at den er blitt til i ein slik prosess. Mange av aktørane har ulike roller, både på instrument og i dramaturgien. Førestillinga er eit djupdykk i korleis ungdom har det i dag med forventningar, tankar, kjensler, ulike bakgrunnar og engasjement frå alle kantar. Samstundes så kan dette lyset på ein sjølv få for stort fokus. Kanskje ein skal lyse litt meir for andre?

På søndag var Ten Sing Norway også med i gudstenesta i Bremnes kyrkje.