– For å finansiera gratis deltaking i denne aksjonen for alle innbyggjarane, så har Bømlo kommune og Velferdsklubben i kommunen gått saman i år.

Dette fortel rådgjevar for folkehelse og frivilligheit, Johanne Kristiansen i Bømlo kommune på deira nettsider. Det er mange år sidan sist Bømlo kommune deltok.

Sykle til jobben-aksjonen er ein lågterskel, felles aktivitet som alle kan delta på, uansett form og utgangspunkt. Den har sidan 1973 vore Noregs største aktivitetskampanje og fått over ein million til å velja ein meir miljøvennleg og aktiv reiseveg og kvardag.

All aktivitet til og frå jobb og på fritida tel. Både sykling, gåturar, styrketrening, fotball, fjellturar og alt anna kan loggast i appen Bedriftsidretten. Det er mogleg å delta som enkeltdeltakar, men også om ein går saman i lag.

Årets Sykle til jobben-aksjon vil føregå i tidsrommet frå 3. mai til 16. juni.

Samarbeider tett med kommunar

Dei siste 20 åra har Sykle til jobben-aksjonen utvikla seg frå å vera ein rein sykkelaksjon til å bli ein heilskapleg aktivitetskonkurranse. Både deltakarar og bedrifter etterspurde moglegheiter for å inkludera alle, uansett mosjonsnivå og avstand til arbeidsplassen.

Derfor vart all type kvardagsaktivitet premiert, i tråd med Helsedirektoratets tilrådingar om 30 minuttar aktivitet dagleg.

I dag samarbeider Sykle til jobben tett med norske kommunar over heile landet og støttar satsing på sykkelvegar og heilårssykling, inspirert av andre europeiske byar.

– Under heile kampanjen får du inspirasjon, utfordringar og moglegheitar til å vinna flotte premiar, opplyser hovudverneombod, Idar Grasdal i Bømlo kommune.

LivOGlyst Svortland, eit prosjekt i regi av Svortland krinslag, er samarbeidspartnar. Under torgdagen i slutten av juni vert det lokal premiering.