Det er fem meistringsnivå på nasjonale prøvar for 8. og 9. trinn. Statistisk sentralbyrå (SSB) har publisert kor stor del som klarte dei tre øvste nivåa i rekning og lesing.

Svakare i rekning på Bømlo

Hausten 2022 gjennomførte omtrent 57.000 elevar på 8. trinnet nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk. I tillegg hadde omtrent like mange elevar på 9. trinn dei same prøvane i lesing og rekning.

Me kan begynne med matematikk, sidan me allereie er i gong med tal. I heile Noreg var det 69,4 prosent av elevane som fekk meistringsnivå mellom tre og toppscoren fem. Det betyr at elevane her i Bømlo kommune var noko svakare, då 67,7 prosent av Bømlo-ungdomen fekk plassering i dette øvre sjiktet.

Rangering på landsbasis

I Vestland var det Vik kommune som kom best ut på rekning, då nær 96 prosent av elevane der fekk plassering i dette sjiktet. Dårlegaste på rekning i Vestland blei Osterøy kommune, med 51,6 prosent.

På landsbasis skårar Vestre Slidre i Valdres best, med 95,8 prosent, medan Nordreisa i Troms er sist med berre 41 prosent. Blant dei 304 kommunane som har tal her, så kjem Bømlo midt i haugen på 158. plass.

Forskjellar på kjønna

– Gutane presterer litt betre enn jentene i rekning, mens i lesing er det motsett. I engelsk presterer gutane og jentene meir jamt. Forskjellane mellom kjønna er i tråd med resultat frå tidlegare år, fortel Utdanningsforbundet på nettsidene sine.

Rundt 86 prosent av elevane på 8. trinn deltok på prøvane hausten 2022, mot 94 prosent året før. Dei nasjonale prøvane blei halde mellom 5. og 30. september. I denne perioden var mange lærarar tekne ut i streik og fleire skular fekk difor ikkje gjennomført årets prøvar. Færre elevar enn tidlegare har difor gjennomført dei nasjonale prøvane i år. Delen elevar som deltok på prøvane er likevel relativt høg på nasjonalt nivå.

– På lokalt nivå vil ein låg medverknad kunne ha verdi for resultata. Det er difor viktig at resultata blir tolka i lys av lokal kjennskap om kva skular og klasser som blei ramma, poengterer Utdanningsdirektoratet.

Betre på lesing på Bømlo

Når det gjeld lesedugleiken til 8. og 9. klassingane i Bømlo kommune, så var det nesten 76 prosent som klarte det aktuelle nivået. Det gir ein 104. plass blant dei 302 kommunane med data her. I heile landet var snittet på 73,1 prosent.

«Lese-Toppen» i Noreg blir trona - som i matematikk - av Vestre Slidre, med 95,8 prosent også her. Sist i Noreg kom Frøya i Trøndelag, der berre 43 prosent av elevane klarte nivået mellom tre og fem.

I Vestland er det Luster som er best med 92,5 prosent, og Osterøy, her og, som er dårlegast med 58,5 prosent.

– Formålet med nasjonale prøvar er å gi skulen kunnskap om elevane sine evner i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvane skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet, understrekar Utdanningsdirektoratet.

LESE-OG REKNEDUGLEIK 8. OG 9. TRINN

Del (%) som klarte meistringsgrad frå 3 til 5 (best)

RegningLesing
4639 Vik95,74644 Luster92,5
4643 Årdal94,24619 Eidfjord92,3
4648 Bremanger90,04643 Årdal92,2
4642 Lærdal81,84645 Askvoll87,9
4637 Hyllestad81,34639 Vik87,0
4644 Luster80,94616 Tysnes86,2
4638 Høyanger80,64620 Ulvik81,3
4623 Samnanger80,04623 Samnanger80,6
4635 Gulen80,04641 Aurland80,0
4641 Aurland80,04649 Stad77,9
4650 Gloppen79,04647 Sunnfjord77,8
4640 Sogndal77,54648 Bremanger77,5
4619 Eidfjord76,94618 Ullensvang76,5
4647 Sunnfjord76,44613 Bømlo75,8
4624 Bjørnafjorden75,14624 Bjørnafjorden75,5
4620 Ulvik75,04634 Masfjorden75,0
4621 Voss74,44637 Hyllestad75,0
4628 Vaksdal74,44651 Stryn75,0
4649 Stad74,14612 Sveio74,7
4651 Stryn73,64638 Høyanger74,2
4612 Sveio72,24611 Etne73,8
4622 Kvam72,04601 Bergen73,7
4611 Etne71,44635 Gulen73,7
4645 Askvoll70,64627 Askøy73,6
4601 Bergen70,54622 Kvam72,6
4616 Tysnes70,04617 Kvinnherad71,9
4627 Askøy68,44640 Sogndal71,3
4617 Kvinnherad68,04621 Voss71,0
4613 Bømlo67,74626 Øygarden70,6
4646 Fjaler67,74614 Stord69,5
4602 Kinn66,54650 Gloppen68,8
4626 Øygarden66,24631 Alver68,5
4632 Austrheim65,64642 Lærdal68,2
4631 Alver64,14602 Kinn68,1
4614 Stord63,24615 Fitjar66,7
4618 Ullensvang59,74628 Vaksdal66,7
4615 Fitjar58,34625 Austevoll61,6
4625 Austevoll58,14646 Fjaler61,3
4630 Osterøy51,64632 Austrheim60,6
4629 Modalen:4630 Osterøy58,5
4633 Fedje:4629 Modalen:
4634 Masfjorden:4633 Fedje:
4636 Solund:4636 Solund: