Det var etter kommunestyremøtet var avslutta måndag, at varaordførar Ragnfrid Sønstabø bad om ordet. Med seg hadde ho ein flott blomsterbukett og forslag om bursdagssong, og politikarane var ikkje vanskelege å be, dei stemde i med «Hurra for deg som fyller ditt år».

– Dette var overraskande, me er jo ikkje heilt enige alltid, sa ordføraren, som sette stor pris på at dei ville syngja for han:

– Heilt fantastisk var det, smilte ordføraren.

Foto: Kristine Sele