Sør-vest politidistrikt melder at ein politipatrulje i 1330-tida tysdag ønskte å kontrollere ein bil ved Vikabrekko. Mannen som køyrde bilen valde då å stikke av frå politiet.

– Bilen unndro seg politiet sin kontroll, og forsvann for patruljen. Bilen vart funnen att etter kort tid, og då hadde føraren av bilen forsvunne frå staden, opplyser politiet. Politiet meiner å kjenne identiteten til bilføraren. Mannen i 30-åra blir meld for køyring utan gyldig førarkort, og for å ha stukke av frå kontrollen til politiet. Bilen vart henta av bergingsbil.