Håvard A. Hammarstrøm

Stordrussen jublar over siger i årets skuleløp i samband med innsamlingsaksjonen Løp for livet.

Russepresident på Bømlo vidaregåande skule, Synne Sørenes, sprang sjarmøretappen og kom først i mål under skuleløpet i Løp for livet tysdag. Med seg hadde ho motivator og medruss Kristina Ersland. Det har blitt tradisjon at bømlorussen er vinnar av skuleløpet, men i år var det ikkje bømlorussen som vart tildelt førsteprisen.

Heider til stordrussen

Leiar av Løp for livet-kommitéen, Arne Lodden Vikse, måtte under prisutdelinga vedgå at bømlorussen hadde juksa. Det hadde komme nokre reaksjonar på dette frå andre som var med i løpet. Difor avgjorde arrangøren at årets vinnar vart stordrussen.

– Bømlorussen skal komme først i mål, men for oss er sigeren at så mange har vald å stille opp for Løp for livet, sa Lodden Vikse. Han kunne difor invitere fram jublande stordruss på scena for å ta imot diplom og ein pose Twist for førsteplass i årets løp.

– Ubeskriveleg herleg! Fantastisk! Me kunne ikkje ha drøymt om noko slikt, seier ein lukkeleg Tormod Tørnquist som sprang sisteetappa for stordrussen. Medruss Jonas Tislevoll seier det er ekstra kjekt å samstundes kunne støtta Kreftforeningen (teksten held fram under biletet).

Russepresident for bømlorussen, Synne Sørenes, hadde med seg motivator og medruss Kristina Ersland på sisteetappa.

Sprang med globus

På dei to neste plassane kom klasse 9A på Bremnes ungdomsskule og tiandeklassingane frå Rubbestadneset skule. Også dei kunne komme fram for å ta imot diplom og sjokolade. Det vart dessutan delt ut pris for beste stafettpinne. Den gjekk i år til ein debutant, nemleg Bømlo vaksenopplæring. Deltakarane på dette laget sprang med ein diger globus. Lodden Vikse seier til lokalavisa at det har vore ein innhaldsrik dag i Bømlohallen. Her har vore foredrag frå Kreftforeningen og innlegg frå kreftkoordinatoren i kommunen. I tillegg har her vore god musikk, god mat og god drikke. Heile 33 lag møtte til start. Mellom dei to lærarlag som hausta ros frå Vikse etter løpet.

– Me er veldig godt nøgde med dagen. Det har vore om lag 800 personar innom Bømlohallen i dag. Me har hatt god stemning og god underhaldning. Alle tiders, sa Vikse, som så gjekk rett frå skuleløp til rebusløp for russen.