* Fredag ettermiddag var det dags for den tradisjonelle russedåpen, på torget på Svortland.

Det kvite fiskekaret var fylt til randa med iskaldt vatn, slo, gammalt brød, mygla frukt og diverse som me helst ikkje vil vita kva var. Før russekullet gjorde seg klare til dåp, takka leiar i Løp for livet-komiteen, Wilhelm Anthun, medrussen for den store og flotte innsatsen i årets aksjon. Bømlarussen er nummer tre på lista over dei som har samla inn pengar til Kreftforeningen, opplyste han. Summen ligg ein stad mellom 700.000 og 800.000 kroner før kontoen for 2018 er avslutta.

Etter dåpen var det klart for russefeiring, der tur til Kongeparken på russetreff er eitt av høgdepunkta.