I dag går ein kry og glad kommunalsjef ut med meldinga om at frå 1. januar 2018 får alle dei 11.800 bømlingane, som ikkje har fastlege i andre kommunar, sin eigen fast tilsette fastlege. Etter fleire år med vikarar, rett nok fleire faste vikarar, og vakansar (ledige) i nokre av stillingar, er stillingsheimlane for legar i Bømlo, fylte opp.

Det er godt nytt. Me veit alle kor frustrerande det kan vera å møta nye legefjes ved annakvart besøk, der du må fortelja og forklara sjukehistoria på nytt kvar gong. No kan me gjerne få sleppa det, og ha den faste legen vår i lang tid framover. I og med at alle stillingsheimlane er fylte opp, og pasientlistene hos nokre av dei ikkje er så veldig lange, er det dessutan litt rom for å få skifta fastlege om ein ønskjer det.

Kring 400 av dei som var pasientar hos fastlegen som er slutta hos Kystlegane, får ny fastlege ved Bremnes legekontor. Det er gjort ved at heile lista til vedkommande lege er send til Helfo, som har gjort eit tilfeldig uttrekk av 400 pasientar som vert overførte til den nye legen. Kommunalsjefen oppmodar desse til å be om å få journalen sin sendt over til det nye kontoret når dei frå brev om at dei er flytta. Det går nemleg ikkje automatisk, det må kvar pasient be om. Men han strekar under at det er frivillig. Det bør også gjerast skriftleg.

Det ligg mykje og godt arbeid bak prosessen med å få tilsett legane. At politikarane støtta opp om rekrutteringsarbeidet har vore både viktig og naudsynt. Men det er administrasjonen, og legestanden i kommunen som har gjort jobben, og som fortener honnør for det. Det er lagt godt til rette slik at dei nye legane skal kjenna seg velkomne. Samstundes skal dei også kjenna på fagleg utvikling, få tilstrekkeleg utfordringar, og verta rettleia slik at dei kan nå måla sine om spesialisering.

Det er godt jobba av Bømlo når me veit at andre kommunar, både store og små, sentrale og distriktskommunar, slit med å få rekruttert ålmennlegar i fastlegestillingar. Då har dei gjort mykje rett dei siste åra dei som har jobba med rekruttering.