Asfalteringsarbeida på den nye fylkesvegstrekninga starta på måndag, ved Grutle.

God fart på asfalteringa

– 750 tonn vart asfaltert på måndag, og det same vert lagt på vegen tysdag. Onsdag er det planen at 1.000 tonn blir lagt på plass. Det vil bli lagt mellom 750 til 1.000 tonn per dag fram til arbeidet er ferdig, seier byggjeleiar hos Vestland fylkeskommune si vegavdeling for dette Bømlopakkeprosjektet, Øivind Bratthammer til Bømlo-nytt.

Ved utgangen av neste veke skal fylkesvegstrekninga vera ferdig asfaltert og vegmerkt. Bratthammer seier at det kan henda at ein del suppleringsasfaltering på sidevegar då kan stå att.

Ikkje bestemt offisiell opning enno

– Kva tid blir vegen offisielt opna?

– Det kan eg ikkje seia noko om, det er politisk styrt. No er vegen open for ferdsle, og sjølv etter at vegen vert offisielt opna kan det førekomma arbeid langs traseen. Det er ikkje uvanleg at reklamasjonsarbeid og oppretting etter klager kan gå føre seg i eitt års tid etter at ein veg er offisielt opna, seier byggjeleiar Bratthammer.