Kort oppsummert

  • Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKA) må flytte til nye midlertidige lokale på grunn av ei utsetjing av ombygging.

  • Arbeid og flytting vil starte i mai og ende over sommaren, men arkivmagasina vil ikkje bli flytta.

  • Det kan verta vanskeleg å nå IKA på telefon under flytteperioden, og svartida kan bli lengre.

Oppsummeringa er laga av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av journalistane våre

– Etter planen, skulle me ha flytta inn i omvølte og meir arealeffektive kontorlokale sommaren 2023. I desember 2023, vart det klårt at ombygginga vart utsett. Nye lokale kan truleg først stå ferdig i desember 2026. I møte med Bergen kommune den 12.01.24 vart det avklara at vi må flytte ut av noverende erstatningslokale innan 1. juni 2024, skriv dagleg leiar Rune Lothe i brevet.

I første omgang er det kontora til sakshandsamring, digitalisering, ordning som lyt flytte til nye erstatningslokale. Sjølve arkivmagasina er ikkje omfatta av flyttinga og postaddressa vert uendra.

– Arbeidet og flyttinga vil pågå frå byrjinga av mai til over sommaren. Vi tek sikte på å vere etablert i dei nye lokala og i nogelunde normal gange att innan 1. oktober. Så lenge flyttinga pågår, kan det tidvis vere vanskligare å nå oss på telefon. Vi kjem til å prioritere sakshandsaming av innsynsførespurnadar. Men, det må påreknast noko lengre svartid, skriv han til slutt i brevet.