Kort oppsummert

  • Bedrifta Embicon vann næringsprisen i Bømlo grunna sitt positive omdømme og arbeidsplasskaping.

  • Lars Magne Endresen, dagleg leiar i Embicon, tok imot prisen under Bømlo Næringsråd si årsmøtesamling i Kulleseidkanalen gjestehamn, torsdag.

Oppsummeringa er laga av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av journalistane våre

Prisen vart delt ut på Bømlo Næringsråd si samling i Kulleseidkanalen gjestehamn, torsdag, der dei både hadde årsmøte og festmiddag for medlemmene sine.

Ein synleg glad og stolt dagleg leiar i Embicon, Lars Magne Endresen tok i mot prisen.

Dette er første gong på mange år at det vert delt ut ein næringspris i Bømlo. Det er Napier som har sponsa næringsprisen, som er eit bilete laga av kunstnaren, Martha Larsdotter Kristensen frå medlemsbedrifta Atelier Lysstrand, og det medlemsbedrifta Asbjørns Rammeverksted har ramma prisen fint inn.