Dahl er oppvaksen og busett i Haugesund, men familien hennar har sterke band til Moster og Bømlo.

Foreldre frå Mosterhamn

Den ferske rektoren på Foldrøy skule har vore mykje på Moster i oppveksten, sidan begge foreldra hennar er herifrå. Gjerne om somrane, men også på andre tider av året. Ho har slekt på Bømlo og trivst godt her. Det er også årsaka til at ho har halde eit lite auge med ledige stillingar i Bømlo kommune.

Då rektorstillinga på Foldrøy dukka opp, tenkte ho at ho ville gjera eit forsøk. Ho vart glad då ho like før sommarferien fekk beskjed frå Bømlo kommune om at ho hadde fått jobben.

– Eg føler at eg høyrer til her, sjølv om eg har haugesundsdialekt, seier ho med eit smil.

Første rektorjobb

Dahl har to barn, ei jente på 19 år og ein gut på 17 1/2 år. Ho er utdanna lærar med fordjuping i norsk og vurdering for læring. I tillegg har ho utdanning innan administrasjon, organisasjonsvitskap og leiing.

Avtroppande rektor Anne Karin «Kikki» Haldorsen (til venstre) og ny rektor Vibeke Dahl møttest til overføringsmøte på Foldrøy skule onsdag i førre veke. Foto: Håvard Hammarstrøm

I løpet av 20 år som lærar har ho arbeidd både på barneskule, ungdomsskule og i vidaregåande skule. I tillegg til dette har ho hatt vaksenopplæring, undervisning for framandspråklege og spesialundervisning.

Dahl har med andre ord brei røynsle som ho tek med seg når ho no tek til som rektor på Foldrøy skule. Sist var ho tilsett ved Haugaland vidaregåande skule, der ho arbeidde frå 2010 fram til no i sommar. Der arbeidde ho som fellesfaglærar, norsk og samfunnsfag.

Eit privilegium

Ei årsak til at ho fann rektorstillinga på Foldrøy skule interessant var storleiken på skulen. Dette skuleåret startar 38 elevar på nytt skuleår i den fådelte skulen. Skulen er tredelt med første og andreklassingar i ein del, tredje- og fjerdeklassingar i ein del og femte- til sjuandeklassingar i ein del. Dette tyder at kvar del, til dømes femte til sjuande klasse, får ein del fellesundervisning, men klassestega blir også delte inn i mindre grupper der dette er fornuftig ut frå pensum.

På Haugaland vidaregåande skule var Dahl som fellesfaglærar i kontakt med over 120 elevar. No ser ho fram til å få betre tid til kvar enkelt elev.

– Her håpar eg at eg skal få sjansen til å sjå kvar enkelt elev kvar dag, og sånn sett også ha mindre dårleg samvit. Det å få ta til her som rektor er eit privilegium.

Mykje nytt

Det å vera rektor på Foldrøy skule tyder også undervisning. Så i tillegg til å vera fersk rektor lyt Dahl også setja seg inn i det som har skjedd innanfor pedagogikken og faga sidan sist ho underviste i barneskulen, i Karmøy kommune.

– Det blir mykje nytt å setja seg inn i. Eg er veldig glad for at Anne Karin held fram i eitt år. Eg er utruleg heldig som får ein mentor. Det er eit kjempeprivilegium, og eg får også mykje god støtte frå kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund. Eg trur dette kjem til å gå veldig bra, seier Dahl om avtroppande rektor-veteran Anne Karin «Kikki» Haldorsen.

Heldig med valet

Haldorsen held fram i 60 prosent stilling i kommunen det neste året, og kjem mellom anna til å ha undervisning på Foldrøy skule ein dag i veka. Ho seier til Bømlo-nytt at Foldrøy skule og Bømlo kommune har vore heldig med valet av Dahl som ny rektor.

– På ein skule som vår er det viktig at dei tilsette har kompetanse som utfyller kvarandre. Me er veldig heldige som har fått Dahl hit som rektor. Ho har ein unik kompetanse som er midt i blinken for oss, til dømes innanfor vurdering for læring. Det å kunne sjå skulen med nye auge og tilføre ny kompetanse viktig. Vibeke blir ein ny ressurs som skulen her vil kunne utnytte til fulle, seier Haldorsen.

Totalt har skulen sju tilsette som underviser, rektor inkludert.

Veldig spent

Den nye rektoren seier ho er veldig spent, og litt nervøs, ved tanken på å ta fatt på jobben. 17. august startar det nye skuleåret.

– Eg har høyrt mykje positivt om det stabile arbeidsmiljøet på skulen, om det gode nærmiljøet her og om foreldra. Eg gler meg veldig. Den første dagen her på skulen har vore full av inntrykk. Dette blir spennande. Eg likar å jobbe med menneske. Det å få bli rektor på ein skule der eg får høve både til å undervise og kan sjå alle i løpet av ein dag er fantastisk, seier 46-åringen.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no