Skjermen er eit samarbeid mellom Bømlo Storsenter, Bømlo kulturhus og Bremnes idrettslag.

Kan skapa litt liv

Dagleg leiar i Bremnes idrettslag, Torbjørn Agdestein, trur det blir bra med denne skjermen.

– Me kan bruka den til å få ut informasjon om forskjellige arrangement som blant anna kampar og arrangement innan friidrett og turn, seier Agdestein.

Han peikar også på at skjermen vil skapa litt liv i sentrum.

– No må berre me tre aktørar få på plass ordninga om korleis den skal brukast og tidsfordeling, seier Agdestein.

Senterleiar for Bømlo Storsenter, Anita Hellen Morlandstø, gledar seg også til skjermen her heilt oppe og går.

– Den kjem nok i skikkeleg drift frå oss tre aktørar ut i neste veke, seier senterleiar Anita Hellen Morlandstø.

Plagsam på nattestid

Bømlo-nytt har også fått inn tips om at denne skjermen har vore til sjenanse på nattestid med å senda skjermlys inn til naboar.

Morlandstø kan fortelja at denne skjermen kjem til å vera avslått på nattestid. Tiltaket er godkjent av kommunen før skjermen vart montert.