Bømlo-nytt intervjua Gjøsæter i mai 2011. Han har opplevd mykje i løpet av eit langt liv, ikkje minst under andre verdskrig. Lokalavisa har fått løyve til å publisere saka på nett i samband med jubiléet for D-dagen.

- Hadde me ikkje vore tom for last, så hadde torpedoen treft oss, sa den gong 92 år gamle Gjøsæter om ein av turane han opplevde som krigssiglar under andre verdskrig. Sigurd Gjøsæter vart fødd 20. april 1919 på Gjøsæter. Her har han budd heile sitt liv, og her bur han framleis. Unnataket var i krigsåra 1940-45. Då var Gjøsæter krigssiglar med eit hotell i London som landbase. Å vere krigssiglar tyder å arbeide i fraktefarten utanriks under ein krig. Omgrepet blir særskilt nytta om norske sjøfolk som sigla ute på handelsskip under dei to verdskrigane.

Tøffe opplevingar

Under andre verdskrig sigla frakteskipa ofte i konvoi, både med sivile og militære forsyningar. Slike skip var ofte utsette for både bombingar og torpederingar. Etter at krigen var over ønskte ikkje Gjøsæter å seie så mykje om alt det han opplevde som krigssiglar. Dette hadde han til felles med dei fleste krigssiglarane. Men i dag (2011 journ. merkn.) fortel mannen som er far til fire, bestefar til 10 og oldefar til 16 gjerne om sine opplevingar frå krigens dagar til sine etterkomarar. I BØMLO-nytt 9. mai (2011) kunne ein lese om markeringane av fredsdagen 8. mai. Ein lesar beit seg merke i setninga der det stod at det av naturlege årsaker er færre og færre att av dei som kan fortelje frå opplevingar under andre verdskrig. Lesaren kontakta BØMLO-nytt og tipsa om at Sigurd Gjøsæter kan hende ville fortelje korleis han opplevde 8. mai 1945. Gjøsæter takka ja til besøk. I godstolen heime på Gjøsæter kan han fortelje levande om noko av det han opplevde som matros i utanriksfart i krigsåra.

Via Shetland og Glasgow

Som så mange bømlingar hadde han røynsle frå fiske i åra før krigen. Han var 18 år då han i 1937 reiste på sildefiske til Island første gong, då som del av eit mannskap på 20. Då dei kom heim att fekk Gjøsæter fem kroner i betaling. Våren 1940 hadde 20 år gamle Gjøsæter fått innkalling til militæret. Men før han kunne møte fram til teneste braut krigen ut. Hausten same år gjekk den unge mannen om bord i «Utnøringen», ein fiskebåt frå Bekkjarvik. Frå Melingsvågen gjekk turen over til Shetland.

Der vart Gjøsæter og dei 22 andre tekne vel imot. Dei vart innkvarterte i bølgeblikkbrakker og fekk god mat. Etter tre dagar gjekk turen vidare til Glasgow i Skottland. Gjøsæter minnes at dette var ein troppetransport, og det var såleis mange soldatar om bord. Etter nokre dagar innkvarterte i eit gamalt skulehus gjekk ferda så vidare til London.

- Vel framme vart me innkvarterte i ein stor leir med menneske frå alle slags nasjonar. Me vart forhøyrte av nordmenn. Det var jo ikkje gagn i å snakke engelsk til oss. Men me fekk ingen problem. Me var i leiren toppen ei veke. Så tok me inn på County hotel, seier Gjøsæter. Dette hotellet skulle han ha som fastlandsbase resten av krigen. Hotellet låg eit steinkast unna mønstringskontoret, og ikkje langt frå togstasjonen Kings Cross.

Storm og 30 minus

Første skipet Gjøsæter mønstra om bord på var steambåten M/S «Loke». Dette var ein båt frå Oslo. Den unge bømlingen reiste frå London til Newcastle og gjekk om bord der. Om bord var også ein kamerat. Han vart diverre sjuk med difteri. Ved det nordlege Skottland vart den sjuke kameraten frakta over i ein annan båt. Han døydde sidan av sjukdomen. For resten av mannskapet bar det vidare til Canada.

Det var fint vêr på turen over Atlanterhavet, og turen tok om lag to veker. «Loke» gjekk utan eskorte, og dette skulle bli ein av svært få turar under krigen der Gjøsæter var om bord på eit skip som ikkje gjekk i konvoi. M/S «Loke» la til kai i New Brunswick i Canada. Her vart det lasta korn rett ned i lasterommet. Nokre sekkar vart dessutan lagte oppå kornet. Så gjekk turen til kystbyen Sydney litt lenger nord på kysten av Canada. Der venta skipet på høve til å gå i konvoi til London.

- Då byrja det nærme seg jul. Og det var ein kald vinter det året. I New Brunswick hadde det vore halvannan meter med snø. Me skulle dessutan gå den nordlege ruta rundt sydspissen av Grønland. M/S «Loke» heldt lågare fart enn resten av konvoien, så konvoien mista me etter tre dagar. På turen over vart det frykteleg ruskevêr. Me hadde storm og 30 kuldegrader. Då trudde eg at eg skulle fryse ihjel. Eg fekk frostsår. Alt fraus. Me måtte passe på å ikkje bli for nediste, minnes Gjøsæter.

Hans første tur-retur som krigssiglar over Atlanterhavet vart ikkje ein elddåp, men ein isdåp. Endeleg kom dei fram til kysten av England. Der fekk «Loke» gå i konvoi vidare i retning London. Etter 31 lange døgn i sjøen kom skipet endeleg fram til den engelske hovudstaden.

- Det var ein lang tur. Me var glade over at det gjekk vel med oss. Då mønstra eg av.

Bombing og torpedo

Gjøsæter var om bord på fire lasteskip under krigen. Medan han var om bord på M/S «Loke» opplevde han å sjå tyske fly bombe konvoien som lasteskipet hans var ein del av. M/S «Loke» gjekk klar, såvidt.

- Me såg bomba dette i vatnet bak hekken på båten, fortel han. Ved eit anna høve høyrte han som mannskap på lasteskipet «Jernland» ein torpedo gå rett under skipet.

- Dette var midt under krigen. Eg var altså om bord i lastebåten «Jernland» frå Bergen. Me gjekk i ein konvoi med seks skip som var på veg til Cardiff for å hente last. Angrepet kom i sjutida om morgonen. Eg låg i køya mi, og det var like før eg skulle opp og på vakt. Eg hoppa ned på den iskalde asfaltdørken i det det small på brua. Dei byrja skyte på torpedobåten til tyskarane. Tyskarane klarte å ta ein destroyer. Me såg det ikkje, men me høyrte at det small kolossalt. Det var godt vêr, og havet var heilt stilt den dagen. Såleis kunne me høyre torpedoen gå under skipet vårt. Heldigvis var me tom for last. Elles hadde me ´gåen (teksten held fram under biletet).

KANONEN VART FLAGGSTANG: Delar av kanonen på skipet «Ivaren» har blitt til ei flaggstang som står på peishylla heime hos ekteparet Gjøsæter. - Eg har laga flaggstanga av delar frå indre og ytre brannrøyr på kanonen, ein granat som vart nytta til luftskyts og Louis-patronar.

Rakett i kaikanten

Fleire gongar opplevde bømlingen korleis det vart skote granatar ut over kanalen med tungt skyts frå det tyskokkuperte Frankrike i retning England.

- Det høyrtes nesten ut som eit tog som kjem inn til stasjonen i det dei suste over oss, seier han. Gjøsæter opplevde også å sjå dei frykta rakettane som tyske styrkar sendte mot England mot slutten av krigen.

- Dei hadde voldsom stikkflamme bakom seg, så dei var lette å sjå. Dei fór inn over land og me høyrte smellet. Ein gong me låg i London slo det også ein rakett ned i kaikanten berre om lag 100 meter frå der me låg. Eg låg og sov då den traff, men det bles godt, minnes Gjøsæter. Under krigen var han også om bord på eit lasteskip som skulle frakte stridsvognar, bombar og ammunisjon frå New York i USA til England.

- Heile dekket var fullt av tanks, 60-70 i talet. Dei veigde om lag 70 tonn kvar. Me var fullteikna på den turen. Me sa til kvarandre at me ikkje ville trenge redningsvestar på den turen. Om me vart truffe hadde me ingen sjanse. Men alt gjekk vel og me kom vel inn til Liverpool med den lasta.

«Liberation»

D-dagen, 6. juni 1944. Dette var dagen då dei allierte styrkane skulle starte invasjonen av Normandie i det tyskokkuperte Frankrike. D-dagen var byrjinga på slutten for verdskrigen i Europa. Invasjonen er ein av dei største millitæroperasjonane som nokon sinne er gjennomført. 5.400 jagarfly og 3.000 bombefly gjennomførte 14.000 turar i løpet av denne dagen, og 24.000 fallskjermsoldater vart sette inn. Om lag 156.000 infanterisoldatar vart frakta over kanalen sjøvegen på om lag 7.000 skip berre i løpet av det første døgnet. Tidlegare på året i 1944 hadde Gjøsæter mønstra på eitt av desse skipa. 67 år seinare går 92-åringen bort til ein kommode og trekk ut ei skuff. Der, i glas og ramme, har han mønstringsbrevet (teksten held fram under biletet).

«LIBERATOR»: Mønstringsbrevet er skrive på norsk, men tittelen er engelsk. «Liberator», står det, eller «frigjerar» som det blir på norsk. Det står å lese at Gjøsæter no mønstrar på eit norsk farty som «deltar i frigjøringen av Europa».

- Det er nok ikkje så mange som har eit slikt, seier han ettertenksomt. Overskrifta på mønstringsbrevet er engelsk: «Liberation», eller Frigjering som det blir på norsk. Brevet er pryda med det norske flagget, og resten av mønstringsbrevet er skrive på norsk. Det fortel at Gjøsæter er matros på lasteskipet «Jernland». Som det står i mønstringsbrevet: Gjøsæter har mønstra på til «frigjøringen av Europa». 6. juni 1944 gjekk «Jernland» over den engelske kanal med mannskap, deriblant Gjøsæter, og 300 britiske soldatar frå den 8. armé om bord.

«Rodney» fyrte laus

Invasjonen i Normandie skulle eigentleg ha starta nokre dagar tidlegare, men vart utsett grunna dårleg vêr. Gjøsæter seier dei britiske soldatane var innkvarterte om bord, for dei måtte vere klare til å gå ut på kort varsel.

- Såleis vart me liggjande i ei veke før 6. juni kom og me kunne leggje frå kai. Dei britiske soldatane fekk ikkje nytte våre toalett og hadde sine eigne latriner. Dei lukta etter kvart forferdeleg, minnes Gjøsæter. Men 6. juni gjekk «Jernland» ut ved Dover i grålysninga. Klokka var fem om morgonen. På heile akterdekket stod det plassert tønner med bensin.

- Gud hjelpe meg som det small då dei byrja skyte over sjøen frå Calais. Det var tydeleg at dei hadde pirka i eit vepsebol. Heile kanalen var full av båtar. Me kom heldigvis uskadde fram i 17-tida på ettermiddagen. Det var lågvatn og me sette soldatane og utstyr i land ganske langt ute. Me sat sjølve i vinsjane. Det var tunge løft, seier han. Tidlegare på dagen hadde det blitt rydda veg mellom kryss og miner som var sette opp i strandsona av tyskarane. No kunne dei allierte troppane ta seg innover mot land.

«Jernland» hadde montert luftskyts om bord, og britiske soldatar var klare til å skyte mot fientlege fly. I løpet av dagen såg dei berre eitt tysk fly frå «Jernland». Dette vart raskt skote ned. Gjøsæter fortel at det britiske slagskipet «Rodney» låg rett utanfor dei. Dette skipet hadde tre år tidlegare spelt ei viktig rolle då det tyske slagskipet «Bismarck» vart senka. På D-dagen støtta skipet landtroppane ved å bombe mål på land.

- Plutseleg small det då «Rodney» brente av ei breiside. På land var det ei kyrkje der ein tysk snikskyttar låg i tårnet og skaut etter befal. Me såg på medan kyrkjetårnet fór.

I Liverpool då freden kom

Skilnaden mellom høgvatn og lågvatn var stor. Etter kvart stod «Jernland» på turt land. Det var gått ein vaier i propellen, og Gjøsæter fekk i oppdrag å sjå på om han kunne få denne laus. Han tok med seg noko verkty og var i ferd med å klatre ned skutesida til den turrlagde havbotnen. Då kom ein britisk offisér ilande bort til han. Gjøsæter forstod straks tordentalen om at ingen sivilistar skulle forlate skipet. Då Gjøsæter fortalde om vaieren i propellen sa offiseren at den skulle dei ta seg av.

- Kom deg om bord att, kommanderte han. Ikkje lenge etter var propellen fri for vaieren. «Jernland» vart liggjande over natta og kom seg så velberga attende til England.

- Deretter var eg to gongar attende til Frankrike med same type last om bord. Då kunne me også gå i land. Eg var to gongar på land i Frankrike, fortel Gjøsæter. Eit knapt år seinare var krigen vunnen. På fredsdagen 8. mai 1945 var Gjøsæter om bord på eit lasteskip som låg til kai i Liverpool. Skipet var på veg frå Baltimore i USA og skulle etter planen vidare til Nord-Noreg. Der skulle skipet bistå i frigjeringa av Noreg.

I Liverpool vart skipet ankra opp i påvente av eskorte vidare nordover. Samstundes skulle det også monterast ein Bofors-kanon i baugen på skipet. Det var 35 mann i messa om bord denne tysdagskvelden då meldinga om freden kom. Det vart ein augeblink heilt stille, og så braka det laus med fyrverkeri og «merakels» i Liverpool, minnes Gjøsæter.

Velberga til Bømlo

Men sjølv om Tyskland hadde kapitulert var det ingen sjølvfølge at alle styrkane i dei okkuperte landa ville leggje ned våpna. Då skipet Gjøsæter var på la ut frå kai i retning Finnmark var mannskapet framleis usikre på om Noreg var eit fritt land. Dei hadde med ein destroyer og ein corvette i eskorten. Først då dei passerte Trondheim på tur nordover fekk dei vite at dei tyske styrkane i Noreg hadde kapitulert. Då returnerte dei britiske krigsskipa, og frakteskipet heldt fram på eiga hand.

I Kirkenes var det ingen som kunne losse lasta dei hadde om bord. Her var berre nokre russiske kvinner som heldt vakt. Etter sju veker var tolemodet slutt. Då lossa dei godset sjølv og returnerte sørover. Berre ein av mannskapet om bord mønstra av i Noreg og vendte heim. Sjølv vart Gjøsæter med attende til Baltimore og så til England att, før han mønstra av og kom heim til Bømlo. I dag kan Gjøsæter seie at han var heldig under krigen. Ingen av dei fire skipene han var om bord på vart truffe av bombe eller torpedo, sjølv om det eit par gongar var nære på.

Eit mørkt kapittel

Men korleis var det å bearbeide alle dei sterke inntrykka, under krigen og etter at krigen var over? Gjøsæter seier krigssiglarane vart krigsleie under krigen. Då gav dei blaffen i alt. Etter krigen var mange krigssiglarar øydelagte i nervene, og dei fleste krigssiglarane søkte kunsten å gløyme. Særleg meir vil ikkje Gjøsæter seie om dette. Sjølv klarte Gjøsæter seg bra, men med andre gjekk det verre. Det er ikkje til å kome ifrå at nokre valde å døyve dei mentale smertene ved å søkje å drukne dei i alkohol. Dette bidrog også til at både dei og andre krigssiglarar unnlot å snakke om det dei hadde opplevd.

I dag er det heldigvis framleis nokre få som kan og vil fortelje om eit viktig stykke norsk og europeisk historie. Krigssiglarane sin innsats under krigen var av uvurderleg betydning for dei allierte styrkane, og først i seinare år fekk krigssiglarane den heideren dei fortente. Manglande støtte frå norske styresmakter like etter krigen gjorde ikkje akkurat tilhøva enklare for krigssiglarane. Denne manglande støtta er eit mørkt kapittel i norsk historie. Gjøsæter vart altså teken imot med opne armar både på Shetland, i Skottland og i England. Då han gjekk i land i Bergen på veg heim var det ingen som kunne tilby han husrom for natta. Han hadde kjensla av at ingen ville vite av krigssiglarane.

Viktig å ikkje gløyme

Fellesskapet krigssiglarane imellom var imidlertid godt. Gjøsæter fortel at krigssiglarar på Bømlo hadde god kameratskap og jamnlege treff etter krigen. Her kunne ein treffe andre som hadde opplevd mykje av det same. Som kunne forstå kva dei andre hadde vore igjennom. Krigssiglarane møtte også jamnleg opp på markeringane av fredsdagen 8. mai. I dag er det skuleelevar som har teke over desse markeringane.

- Det er bra at dei deltek i 8. maimarkeringane. Dei unge må underrettast. Det er dei det gjeld no, seier han. Etter krigen arbeidde Gjøsæter både på fiske, i fraktefarten og som bygningsarbeidar fram til ei mopedulukke og eit stygt beinbrot gjorde at han ikkje lenger kunne jobbe. I dag trivst han med eit roleg liv saman med kona heime på Gjøsæter

- Idag har eg det godt (Skriftleg kjelde om D-dagen: Store norske leksikon).