Grethe Kjøsnes

- No vil me tilby danseundervisning ute i distrikta. Kvar torsdag vil danselærar Simbarashe «Simba» Norman Fulukia reise til Moster skule og deretter vidare til Hillestveit skule. Me har plass til 30 elevar på kvar plass. I dag er det 19 danseelevar på Moster og dei hadde sitt første frammøte førre torsdag. Når det gjeld nye danseelevar i kulturskulen så er desse for det meste i aldersgruppa frå 1-3. klasse, seier rektor Stein Høyland.

Han oppmodar foreldre til å kontakte kulturskulen dersom dei vil ha eit dansetilbod på Langevåg.

- Me har annonsert tilbodet, men ikkje fått nok respons enno. Langevåg må kjenna si gjestingstid. Me prøver ikkje igjen med dansetilbod på Langevåg etter jul, seier Høyland.

Bømlo kulturskule har i dag 150 danseelevar som danselærar Simba underviser om ettermiddagane.

- Det er bra her på Bømlo. Men me håper at talet på danseelevar skal halda seg stabilt på 150-160 elevar. Borna blir jo eldre og nokon sluttar etter kvart. Danseundervisninga er for born i alderen 5-18 år, seier rektor Stein Høyland.