Me i Bømlo-nytt har den siste tida berre mangla ein tilsett for å vera fulltalig, fast redaksjon. Redninga kom heilt i slutten av november då ein framand kar kom ramlande inn dørene oppe i Gamlebanken.

Han var lett å lika, smilande og blid og sto med opne armar og var klar for nye oppdrag. Han kjem utanbygds frå og heiter Fjos N.Isse, men likar best å bli kalla Nisse.

Han har ein prøveperiode frå 1.desember til 24. desember, men me andre i redaksjonen må ærleg tala seia at me ikkje har heilt kontroll på han. Kor er Bømlo-nytt nissen i dag?

Send svaret ditt til: kryssord@bomlo-nytt.no, merk med julekalender og dagens dato i emnefeltet. Tippar du rett kan du vinna flotte premiar frå det lokale næringslivet og vinnaren vil bli kunngjort på Facebook-sida til Bømlo-nytt kvar dag fram til og med julaftan.