Eg er sterk tilhengar av idrettsrørsla. På trass av sine mange skavankar gjer den mykje godt i samfunnet, og er med på å få barn og unge inn i trygge organiserte miljø. Men utan pengar er det umogelig å driva disse organisasjonane. Difor er pengane ein avgjerande faktor.

Også lokalt er dette blitt ein stor «butikk». Idrettslaga har fleire heiltidstilsette og forvaltar store verdiar. Og dei har spenstige planar. Eg fekk høve til å vera med på ein presentasjon av Bremnes Idrettslag sine planar om ein ny stor idrettshall på Leite kor ein parallelt flagga eit opplegg for samarbeid mellom alle idrettslaga på Bømlo, nettopp for å få tyngde bak eit slikt kjempeløft. Eg må tilstå at eg tenkte: «Ja! Dette må me få til!». Og eg seier «me» med vilje. For dette vil vera eit stort og viktig løft for heile kommunen og alle aldersgrupper.

Ein del av dette arbeidet med å få realisert disse planane dreier seg om omfattande og aggressiv lobbyverksemd. Mot kommune, fylke og kulturdepartement. Også det lokale næringslivet med kraftlaget i spissen er viktige medspelarar.

Denne lobbyverksemda er ein heilt legal aktivitet for å få dei finansielle brikkene på plass, men det er samstundes ein balansegang på ein knivsegg der ein påverkar politikken på eine sida og driv politikk på den andre sida.

Og det må vera klårt for alle, at dersom ein sterk idrettsorganisasjon trør «feil» og havnar på den sida der ein driv politikk, ja nærmast infiltrerer politikken til fordel for seg sjølv, då er ein på villspor. Sjølv om det er habilitetsreglar som skal ivareta nettopp slike tilfelle, kan ein vera habil og påverka i andre viktige og tilliggjande saker.

No lurer vel mange på kva mitt ærend er med dette innlegget.

Eg prøver å setja ljos på dei hardnakka påstandane frå ulike hald og som gjeld ein «link» mellom idretten og politikarane om plasseringa av den vidaregåande skulen. For all del, dette har eg til gode å kunna dokumentera, men indisiane er svært sterke. Og folk pratar. Mange «veit», men vil ikkje stå fram.

Kva går så disse påstandane ut på? Jo, dei går ut på ei samrøre mellom idrettslaget og dei valde politiske organa. Det være seg dei kommunale eller dei fylkeskommunale. Ei samrøre som skulle ha til hensikt for idrettslaget å få ein leigeavtale med fylket i nyehallen. Denne leigeavtalen ville naturleg nok vera heilt avhengig av at den nye «store» vidaregåande skulen vert lagt til Bremnes, nærare bestemt Leite.

Alt heng saman med alt, som det heiter. Og opinionen er ikkje dum, sjølv om ein av dei vanlegaste hersketeknikkane i slike saker er å framstilla opinionen som dum. Likevel ser dei disse nyansane og lurer på kvifor offentliggjeringa av planane om storhallen kom midt oppi den heitaste debatten om plassering av vidaregåande på Leite.

Her nærmar idretten seg å driva verksemd innanfor det politiske reviret. Då mistankane om ein «link» vart målborne i aviser og sosiale media, blei det stille. Heilt stille. Dette kjempeprosjektet som eg har applaudert i opninga av innlegget mitt ser ut til å ha gått inn i ei dvale. Det normale ville vera å stå på. Denne informasjonsblokaden liknar på den politikarane starta samstundes.

Å spela seg med politiske krefter kan ha uventa resultat. Sjølv om idretten sine strategiar isolert sett kan virka gode, kan dei her ha rulla ut ein raud løpar for fylket sine politiske strategiar som dei ikkje hadde rekna med. På denne måten står idretten i fare for å skyta både seg sjølv og Bømlo i foten.

Fylket sin strategi for den vidaregåande skulen var (og er) å flytta «heile sjiiten» over til Stord. Dette møtte fyrst sterk motstand frå næringslivet. Samanslåing av dei to skulane på Bømlo var eit alternativ, men kvar? Rubbestadneset ville krevja massive investeringar og ville slik sett skyta Stordplanane langt ut i framtida. Difor prøvde fylket å dempa ned Rubb-alternativet.

Slik kjem Leitealternativet og det håplause pilotprosjektet som ein reddande engel ut frå det blå. Dette var ein gåvepakke til Fylket. Ei kvasiløysing på Leite vil vera midlertidig og gjera det lett for Fylket å vedta ei seinare flytting til Stord. Når dei i tillegg krydra det med eit luftig løfte om ei naturbruksline vart bømlingane nøgde.

Det er her idretten går vill. I sin u-utalte, men likevel pågåande iver etter å få langsiktige leigetakarar, kan dei komma fare for å leggja til rette for ei framtidig flytting til Stord. Det vil råka idretten sjølv på fleire område. Ein mister dei planlagde leigeinntektene, også dei ein har i dag, ein mister eit rekrutteringsgrunnlag frå dei ungdomane som finn seg godt til rette på Stord, og ein mister goodwill på grasrota.

Kven som kom med denne «Leiteløysinga» får me nok aldri vita, og ingenting skal frå mi side antyda at dette kom frå einsidig frå idretten, men saman med ein sentrumsorientert politisk koalisjon og eit næringsliv i gråsona, vert dei ein naturleg del av det mange kallar for «sentrumsmafiaen». Men utad har dei valt ein taushetsstrategi. For tausheten i det offentlige rom har vore påfallande og øyredøvande.

Men konspirasjonane gror betre og betre, og eit «hemmelig» møte som har vore mellom idretten og koalisjonspartnarane gjere det ikkje betre. Eit slikt møte smyg seg så vidt unna offentlighetslova, så det kjem nok ikkje noko referat.

Du verden kor frigjerande det ville vera om nokon letta på sløret og tok del i debatten!

Foldrøyhamn 24.aug. 2017

Jan Willy Folgerø-Holm