Håvard A. Hammarstrøm

Foto: Åge Hestenes.

I dag, tysdag, kan Haugaland og Sunnhordland politidistrikt melda om innbrot i Lykling grendahus på Finnås. Tjuvane skal ha kome seg inn ved å knuse eit vindauge. Det skal ha blitt stole lydutstyr til ein verdi av om lag 50.000 kroner. Politiet ber om at publikum som har observert noko utanom det vanlege rundt bedehuset i seinare tid tek kontakt med politiet på telefon 02800. Les meir i papirutgåva torsdag.