Bakgrunnen er at to legar har vore ute i permisjon, medan to legar sa opp stillingane sine. Av dei fire legane hadde ein lege base i Søre Bømlo omsorgsområde, ein lege heldt til hos Kystlegane, medan to legar var tilsette på Bremnes legesenter.

No ser situasjonen langt lysare ut. Kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal orienterte utval for helse og omsorg om dette sist torsdag.

Omdal lege i Langevåg

Knut A. Omdal er tilsett i 60 prosent stilling som fastlege i Søre Bømlo omsorgsområde. Han tek til om lag 1. november. Fram til den tid vil der vera ein vikarlege.

Ingvild T. Dahl er tilsett som fastlege i full stilling ved Bremnes legesenter og tek til like etter nyttår. Ein lege som har vore i permisjon på legesenteret er venta tilbake 1. mars neste år.

Hos Kystlegane trer Jan Leversund no inn som vikar for ein lege som er ute i permisjon. Dermed blir legedekninga langt betre i løpet av det kommande halve året.

Vurderer ein lege til

- Me gler oss over at situasjonen no ser lysare ut. I budsjettsamanheng vurderer me om det i tillegg er rom for å opprette ei ny legestilling på Bremnes legesenter, seier Mellesdal.

Kommunalsjefen seier dette er ønskeleg, men om det er økonomi til å gjennomføre ei slik tilsetting er usikkert i dag.

I tillegg til at det er kostbart å leige inn vikarlegar, seier Mellesdal at det er ein stor fordel å ha kontinuitet, at legane blir kjente med pasientane sine.

Difor har kommunen også, så langt det let seg gjera, søkt å tilsetje vikarlegar over eit lengre tidsrom når dette har vore naudsynt. Kommunalsjefen seier det er mange dyktige vikarlegar, men det er ein klar fordel å ha faste legar i stillingane over tid.