| Randi Olsen

Mykje folk hadde samla seg då Wenche Fagervik ynskte velkommen til moteshow i senteret. Før visninga tok til fortalde ho litt om senteret og om kva tilbod kundane kunne finne denne kvelden.

– Her kan de få fargeråd både innandørs og utandørs, de kan få sminkeråd og de kan få smaksprøvar på ulike matrettar, fortalde ho publikum.

Midt i lokalet var det sett opp cat walk der modellane fekk vise fram vårens nyheter frå btuikkane på senteret.

Fritidsantrekk dominerte oppvisninga, både for dei aller yngste og for ungdom og vaksne. Både klede og skoval var fargerike og matchande i vårens fargar. Eit prisverdig tiltak som samla mykje folk, og som det ligg mykje arbeid bak. Kanskje showet kan utvidast med ein konferansier neste gang som kan seie litt meir om alt som vert presentert på cat walken og ikkje minst fått litt liv i publikum? Det hadde arrangørane fortent og det hadde underteikna synest hadde vore kjekt.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Også dei aller yngste var med, her på mamma Birgitte Steinsland sin arm.
Anne Gunhild Halleraker viste antrekk med luftig austeninspirert topp og jeans.
Lill Stølen i fargerikt antrekk.